This is some text inside of a div block.

Ifølge havforskarane er det kritisk lite tobis på fleire av områda i Nordsjøen. Det førebelse kvoterådet på opp til 19 000 tonn blir difor ikkje sett opp.

Det skriv Havforskingsinstituttet på si heimeside.

Forskarane har vore på tokt i Nordsjøen for å måle mengdene av tobis, og toktet viser enda mindre fisk enn rekna med i alle tobisområda. Det førebelse rådet på 19 000 tonn skal i utgangspunktet vere konservativt. Men i år var det ikkje konservativt nok, skriv forskarane.

Ifølge havforskar Espen Johnsen er tobis viktig for heile økosystemet, som sjøpattedyr og -fuglar.

Nyheter
No items found.