Fiskebåt Nord krev at innseglinga til Værøy i Lofoten må prioriterast i Nasjonal transportplan (NTP).
Innseglinga til Værøy er risikofylt og dei siste åra har det vore fleire nestenulykker med grunnstøytingar i samband med at fiskefartøy skal inn til øya for å losse. Det går fram av eit opprop som Fiskebåt Nord og fleire andre organisasjonar står bak.
I oppropet blir det vist til at det kvart år blir landa og produsert 70 000 tonn fisk hos bedrifter som held til på Værøy. Dette tilsvarar ein førstehandsverdi på i overkant av 630 millionar kroner.
Det blir vidare vist til at Værøy er på norgestoppen i verdiskaping per innbyggar.
Organisasjonane ber om at innseglinga til Værøy blir prioritert i Nasjonal transportplan med oppstart i 2026.