- Satsinga på havvind føreset at ein tar omsyn til viktige fiskebestandar, gyteområde og fiskefelt. Først når ein kjenner konsekvensane av dette, kan ein ha eit grunnlag som gjer at ein kan satse storstilt på havvind, sier Audun Maråk.
Han presierer at Fiskebåt ikkje er i mot havvind, men at det er viktig at ein gir seg god nok tid.
- Vi håpar, som også regjeringa gjer, at desse utgreiingane gir grunnlag for å satse på havvind som ein ny norsk industri og energikilde. Dette føreset som sagt at ein tar omsyn til fiskebestandane, miljøet elles og fiskeria. Det er difor viktig at ein ikkje forhastar seg, men tar eit steg i gangen og får kartlagt konsekvensane som forhåpentlegvis ikkje er så store som ein kan frykte.
Så noterte eg meg at næringsministeren takka tidlegare handels og sjøfartsminister Jens Evensen for at Norge rår over store havområde. Evensen gjorde ein viktig jobb for Norge, men det er aktiviteten til norske fiskarar og ein havgåande fiskeflåte, som gjer at Norge rår over store havområdet. Utan den aktiviteten ville ikkje Norge hatt råderett over ressursane i havrommet i det omfanget vi har i dag, seier Maråk.
Regjeringa sitt mål med denne satsinga er å skaffe landet meir fornybar energi.
– Dette er ei løysing som aukar krafttilførselen til Sør-Noreg. Regjeringa sitt mål er å legge til rette for at Noreg har tilgang på rikeleg med fornybar og rimeleg kraft, slik at dette også i framtida er eit fortrinn for norsk industri og bidreg til verdiskaping og sysselsetting i heile landet, seier statsminister Jonas Gahr Støre.
I dag heldt han pressekonfeanse i lag med finansministeren, olje- og energiministeren og næringsministeren.
Første fase av Sørlige Nordsjø II vil vere på 1500 MW. Det svarer til om lag 7 TWh i året, tilsvarande kraftforbruket til 460 000 hushald.
– Regjeringa ønskjer ei omfattande satsing på havvind. Sørlige Nordsjø II og Utsira Nord vil bidra til auka kraftproduksjon i Noreg. Dette vil gi meir kraft til den aukande etterspørselen me ser gjennom elektrifiseringa av det norske samfunnet, bidra til teknologiutvikling og kostnadsreduksjonar og utvikle norsk industri, seier olje- og energiminister Marte Mjøs Persen.
Den andre fasen
Når det gjeld den andre fasen av Sørlige Nordsjø II som også er 1500 MW, vil regjeringa ta stilling til korleis den skal koplast til nettet etter at det er gjennomført ei utgreiing av ulike nettløysingar for vindkraft til havs og kva effektar dette vil ha på kraftsystemet. Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) skal gjennomføre utgreiinga i samarbeid med Statnett.
Utgreiinga skal også sjå på konsekvensane for kraftsystemet av ulike nettløysingar for vindkraft til havs med kopling både til Noreg og/eller utlandet. Det er i tilfelle der det ikkje er lagt til rette for nye mellomlandsforbindelsar som aukar eksportkapasiteten frå Fastlands-Noreg. Oppdraget vert sendt til NVE i dag og vil vere ferdig i løpet av hausten.
– Målet vårt er at me skal ha låge straumprisar for folk i Noreg. Regjeringa har tatt kraftige grep i møte med situasjonen i kraftmarknaden, gjennom straumstøtta, redusert el-avgift, auka bustøtte, auka sosialhjelp, auka støtte til studentar og meir støtte til ENØK-tiltak for hushalda. Når me no skal byggja ut havvind, vil me ikkje leggje til rette for nye mellomlandskablar som aukar eksportkapasiteten frå Fastlands-Noreg, seier finansminister Trygve Slagsvold Vedum.
Auksjon blir hovudmodell for tildeling av areal til havs
Regjeringa held fast på at auksjon skal vere hovudmodell for tildeling av areal til fornybar energiproduksjon til havs. Olje- og energidepartementet går no i gang med å utvikle ein auksjonsmodell som gjer at første fase av Sørlige Nordsjø II lar seg realisere.
Regjeringa vil no gå vidare med regelverksendringane om auksjonsløysing og arealtildelingsprosess som var på høyring sommaren 2021, og vil i løpet av våren fremje ein lovproposisjon for Stortinget med endringar i havenergilova og fastsette endringar i havenergilovforskrifta.
Høyring av utlysingsområde
Olje- og energidepartementet sender i dag på høyring forslag til inndeling i utlysingsområde for både Utsira Nord og Sørlige Nordsjø II. Inndelinga tek omsyn til både miljøverdiar og sameksistens med andre næringsinteresser. Departementet ønskjer innspel frå havvindnæringa, andre brukarar av områda og øvrige interesserte på eventuelle justeringar av områda og kva område som er best eigna.
og øvrige interesserte på eventuelle justeringar av områda og kva område som er best eigna.
Identifisering av nye område for havvind
Den langsiktige satsinga på havvind er avhengig av tilgang på areal. Regjeringa ønskjer å skape forutsigbarheit for næringa med å opne for fleire prosjekt etter Sørlige Nordsjø II og Utsira Nord. Olje- og energidepartementet vil gje NVE i oppdrag å identifisere nye område for fornybar energiproduksjon til havs basert på innspel frå ei direktoratsgruppe, og å utarbeide forslag til konsekvensutgreiingsprogram. Dette arbeidet vil ta 9-12 månader. Deretter må konsekvensutgreiinga gjennomførast før nye område kan opnast.
– Noreg har verdas beste fagarbeidarar, ingeniørar og leverandørindustri. Med den kompetansen og tilgang til rein kraft har me store moglegheiter til å bli ein grøn industrigigant. Både i Sørlige Nordsjø II og i Utsira Nord vil det kunne byggast industriprosjekt som kan bidra til dette, seier næringsminister Jan Christian Vestre.