This is some text inside of a div block.

Ifølge pressemeldinga vil ICES Bureau (Executive Committee) overvake situasjonen og, oppheve den igjen når det dei vurderer det som teneleg.

ICES viser til at sidan starten på krigen i Ukraina, har ei rekke medlemsland instruert sine forskarar og representantar om enten å boikotte eller unngå engasjement i aktivitetar der representantar frå Russland er til stades.

 

Internasjonal konvensjon

ICES blir styrt gjennom ein internasjonal konvensjon og inkluderer dei 20 kyststatane som grenser til Nord-Atlanteren, inkludert Østersjøen. 

- Multinasjonal deltaking i prosessane som gir vitskap, data og råd til støtte for vårt oppdrag er avgjerande for integriteten, heiter det i pressemeldinga.

Det blir vist til at ICES si oppgåve er å fremme og dele vitskapeleg forståing av marine økosystem, for å bruke denne denne kunnskapen til å gi gode råd for å møte bevaring, forvaltning og berekraftsmål.

 

Kan få store følgjer

- For å oppfylle vårt oppdrag og våre plikter overfor treng vi brei deltaking av viktige ekspertar. Krigen i Ukraina undergrev denne breie deltakinga i mange multilaterale vitskapsorganisasjonar, skriv ICES.

ICES sine kvoteråd sentrale for forvaltninga av fiskeressursane som Norge rår over saman med andre nasjonar. Det er difor uklart kva konsekvensar denne suspensjonen vil få for forvaltninga av norske fiskeressursar.

 

Her kan du lese heile pressemeldinga frå ICES.

 

Det norsk-russiske havforskningssamarbeidet

  • Barentshavet er delt mellom Noreg og Russland
  • Kvart år vert kvotene for blant anna lodde, hyse, skrei (nordaustarktisk torsk) og blåkveite bestemt av Den norsk-russiske fiskerikommisjonen 
  • Kunnskapsgrunnlaget for kvotene blir levert av norske og russiske forskarar
  • Forskingssamarbeidet består av Havforskingsinstituttet på norsk side, og VNIRO si nordlege avdeling på russisk side
  • Forskarane samarbeidar om å overvake og forska på økosystemet og bestandane i Barentshavet 
Nyheter
No items found.