Tysdag 29. august viser NRK den historiske dokumentaren, «Da vi var på Grønland». Dokumentarfilmen handlar om den delvis norskeigde stasjonen Færingehavn på Vest Grønland.
I filmen som er regissert av Kirsti Dale frå Ålesund, møter vi mange tidlegare fiskarar og reiarar som fortel sine historier om kva denne stasjonen hadde å seie for norsk fiskeri i tida før ein fekk fryseri om bord i fiskebåtane.
Kirsti Dale frå Ålesund budde i Færingehavn saman med familien sin på tidleg 1950-tal. Sist ho var der var i 1956, då far hennar, Jon Dale, var velferdssjef for dei norske fiskarane der i fleire sesongar på 1950 og 1960-tallet.
Det var fiskebåtreiarar og forretningsfolk frå Sunnmøre, Kristiansund og Bergen, som såg potensialet i å legge ein mottaksstasjon for fisk i Færingehavn. I 1948 etablerte dei selskapet AL Utrustning. Utbygginga av Færingehavn starta i 1949, og det var kontinuerleg drift der i 40 år, fram til 1989.
Stasjonen gjorde at fiskebåtane slapp den lange turen tilbake til Norge, for å kunne levere fangsten sin. Fiskebåtane fekk også alt dei trengte av proviant, agn, kol, vatn, olje og velferd. Dei kunne difor gå ut på fiskebankane utafor Vest Grønland både tre og fire gongar i løpet av ein sesong. På den måten tente dei gode pengar.
Færøyværingane var også medeigarar i denne stasjonen, og litt av deira historie er også med i filmen.
Fiskebåt har med fleire vore med å få realisert denne filmen.
Dokumentarfilmen visast på NRK1, tysdag 29. august klokka 20:00.
Du kan også sjå den i nett-TV her frå klokka 06:00 tysdag 29. august.