This is some text inside of a div block.

Som einaste norske selskute kom Havsel tilbake med 1900 dyr i fangsten. Kvaliteten er topp, fortel skipper Bjørne Kvernmo.

Første stopp var Tjørvågen i Herøy kommune. Her var det lossing av spekk og skinn og litt kjøt til dei som møtte fram. Så går turen vidare til Tromsø for å levere kjøtet. Havsel er venta å kome til Tromsø førstkomande søndag.

- Det er veldig fine dyr vi har fått tatt, og kvaliteten er svært god på både kjøt og skinn. Så det er berre å byrje å gle seg, seier Kvernmo.

Havsel har vore einaste norske selskute som har vore i Vestisen ved Grønland i år, og skipper Kvernmo hadde gjerne sett at dei hadde selskap av fleire.

- Ja, der er nok av dyr, men dette var nok den sjuande turen vi var der som fangstskute, seier han.

No skal mannskapet på 10 personar snart få litt fri før båten skal inn i andre oppdrag.

Fullt lasterom med skinn og spekk som blei levert i Tjørvåg på Sunnmøre. Foto: Bjørne Kvernmo.
Nyheter
No items found.