This is some text inside of a div block.

Eksportrekordar i sjømatnæringa er i kroner, og seier eigentleg ingenting om korleis utviklinga i næringa reelt sett har vore. Det skriv rådgivar i Fiskebåt, Kay Ove Hafsås i denne kronikken.

Det setjast stadig nye eksportrekordar i sjømatnæringa i norske kroner. 2022 var intet unntak med heile 151,4 mrd. i eksportverdi, der fiskeri aleine sto for 40,1 milliard av verdien. Men det er i kroner, og seier eigentleg ingenting om korleis utviklinga i næringa reelt sett har vore.

Det er ikkje nødvendigvis gull alt som glimrar, og bak tala kan det faktisk vere grunn til å stille seg nokre spørsmål om kva som faktisk løftar eksportverdien. Er det kraftig vekst i etterspurnaden og vekst i prisane på fisk, eller kan det også skuldast andre forhold?

Lat oss nytte eksporttal for fiskeri å gjere det enkelt. Og lat oss nytte ei marknadsfordeling der 70 prosent av fiskerieksporten går i EUR og 30 prosent går i USD. Det er ikkje realiteten, men truleg heller ikkje langt frå sanninga og godt nok til å illustrere poenget.

Særs NOK avhengig

Basert på tal frå Sjømatrådet har vi ei grei oversikt over dei årleg eksportprisane for fiskeri i perioden 2012 til 2022. I tillegg veit me at NOK med ei 70/30 fordeling mellom EUR og USD har svekka seg om lag 43 prosent i same periode. I tillegg har me hatt ein generell prisvekst i det norske samfunnet på 30,8 prosent i perioden.

Tek me omsyn til årlege valuta- og inflasjonsvariasjonar med 2012 som utgangspunkt, så kan me simulere forventa eksportpris fiskeri i tilsvarande periode 2013 til 2022 basert på årlege valuta- og inflasjonsendringar. Ser me då på differansen mellom faktisk eksportpris i fiskeri frå Sjømatrådet, og det me i praksis burde kunne forvente ut ifrå årlege valutabevegelsar og inflasjon, ser me at denne er negativ.

Med andre ord så er den verkelege eksportprisen innan fiskeri i perioden, lågare enn det me burde kunne forvente utifrå årlege valutabevegelsar og årleg generell inflasjon.

Eksportprisveksten er difor i all hovudsak eit resultat av svekka norsk krone, og generell inflasjonsutvikling snarare enn at me ser ei reell prisstigning for våre viktigaste fiskeslag.

Dette er likevel ikkje fyrstehandsomsetnaden, men eksportverdiane gir også ei grei indikasjon på utviklinga der. Dei følger kvarandre rimeleg tett, noko eg har vist i tidlegare artiklar.

Enkeltartar har knapt sett reell prisvekst i perioden, og særleg gjeld dette pelagiske artar.

Sårbare for NOK styrking

Som Finn-Arne Egeness, sjømatanalytikar i Nordea, refererte til på ombordfrystkonferansen i Ålesund 12. januar, så trur ein at etterspurnadsveksten dei neste åra vil vere om lag ein prosent årleg. Det gir ikkje grunn til å tru på det store prisløftet, om ein ikkje utviklar nye produkt og nye marknadar. Inflasjonen bergar nok mykje av prisinga i 2023, men NOK kan ein ikkje forvente som den største bidragsytaren i andre halvår 2023 når rentetoppen globalt nåast.

Lat oss eksempelvis i tillegg, berre for å illustrere, anta at NOK styrkar seg 10 prosent frå eit år til eit anna. I eit slikt scenario ser me at eksportverdien med ei styrka krone vil kunne gi seg utslag på mellom 3 og 10 milliardar årleg i lågare eksportverdi samanlikna med faktisk eksportverdi i perioden. Det er betydelege summar, og er ein indikasjon på kor sårbare eksportverdiane kan vere for store valutabevegelsar gitt at reelle fiskeprisar ikkje endrar seg frå eit år til eit anna.

I snitt viser lønnsemdsundersøkinga til Fiskeridirektoratet ein årleg prisvekst i fiskeri på 2,86 prosent per kg. fisk i perioden 2010 til 2021, og med Egeness sitt estimat på etterspurnadsvekst på ein prosent dei neste åra er det grunn til å tru at denne vil falle ytterlegare framover. Det gjere at eksportverdien i framtida, gitt stabilt kvantum, truleg vil bli meir avhengig av svakare NOK for å generere ytterlegare vekst. Med eit sterkt underliggande kostnadsbilete vil det truleg medføre at driftsmarginar framover vil kome under press, og fleire fiskeri vil få svekka lønnsemd ved stabil eller styrka kronekurs.

Vedvarande NOK svekking

Det er difor ikkje noko superprofitt innan fiskeri som eit resultat av reell prisvekst på fisk over tid. Veksten i eksportverdi i fiskeri den siste tiårsperioden kan i stor grad forklarast utifrå svakare NOK og generell prisvekst i samfunnet, snarare enn ein markant prisauke på fisk i marknaden.

Resultatet av ei eventuell ressursrente verkar difor å kunne bli press på driftsmarginar, fleire marginale fiskeri, færre driftsdøgn og mindre tilgjengeleg kapital til å investere i det grøne skiftet.

Grunnlaget for ressursrente synest difor vere sterkt avhengig av vedvarande kronesvekking framover. Så kan ein spørje seg kor sannsynleg er det eigentleg at NOK skal svekke seg inn i æva?

Ytringer
No items found.