Den norske fiskeflåten har så langt fiska 44 posent av årets makrellkvote. - Det er viktig at vi får tatt mest mogleg i norsk økonomisk sone, seier Audun Maråk i Fiskebåt.
Ringnotfartøyet Hardhaus er på veg inn mot Nils Sperre på Ellingsøya med 135 tonn makrell i lasta. Dei er ikkje aleine, og norske makrellbåtar har den siste veka gått nærast i skytteltrafikk mellom fiskefeltet og industrien på land.
- Vi skal losse i kveld, og så blir det mannskapsbyte og rett ut igjen på feltet, seier skipper Ole Inge Møgster på Hardhaus.
Viktig å ta mest mogleg i norsk sone
Han stadfestar at fisket etter makrell har tatt seg kraftig opp siste veka, og det har vore godt fiske både med not og trål.
- Ja, fisket har vore bra, og det er stor og fin fisk vi får. Og vi skal heller ikkje klage på prisane, seier Møgster.
Han meiner det er viktig at den norske flåten får fiska mest mogleg av kvota i norsk sone og at fisken blir levert til norske mottaksanlegg.
- Eg har ikkje noko særleg til overs for dei som no går heim og legg seg på sofaen og tenkjer at dei skal ta resten av kvota i britisk sone seinare i haust. Vi er framleis i ein forhandlingsposisjon, og det er difor viktig i forhold til fordelinga mellom landa at vi kan dokumentere at det er godt fiske i norsk sone. Det er difor svært usolidarisk og eg vil seie det så sterkt at det er ei skam å gi seg no. Vi må ta så mykje vi kan i norsk sone, og det gjeld alle, seier Møgster.
- God innsats frå fiskarane
Møgster får også støtte frå Audun Maråk, adm.dir. i Fiskebåt, som rosar den norske flåten for god innsats.
- Det har vore ein fantastisk innsats frå dyktige fiskarar så langt denne sesongen, og det er eit mål å fiske mest mogleg i norsk økonomisk sone, sjølv om vi har tilgang til å fiske restkvantumet i britisk sone seinare, seier Maråk.
Norske fiskarar har så langt fiska 44 prosent eller 104 380 tonn av årets makrellkvote som er på 237 907 tonn. Dette inkluderer det som sto igjen frå 2023. I fjor greidde ikkje flåten å fiske det dei skulle i norsk sone.
Treig start
Starten på sesongen har vore nokså treig i år også, men siste veka har det tatt seg opp. Ifølge Norges Sildesalgslag, blei det sist veke meldt inn over 30 000 tonn. Fredag var den beste dagen med godt over 9000 tonn.
Om bord i Hardhaus er det god stemning.
- Vi er snart i mål, men vi kjem til å fiske det vi kan i norsk sone. Eg reknar med at ein del båtar kanskje gjer seg ferdige i dag, seier Møgster.
Båten er utstyrt med både ringnot og trål, og så langt i år er det meste tatt med trål, men det har også vore godt notfiske.
Les også;
- Makrellavtale gir forutsigbarhet for norske fiskere