I dag er det 13 norske linefartøy som fiskar hyse i russisk sone. Fisket blir karakterisert som svært bra med mykje stor hyse.
- Hysefisket er svært bra, og om lag 75 prosent av fisken har ei vekt på over 800 gram for sløyd og hovudkappa fisk. Då er det innafor det vi kallar stor hyse. I tillegg er det liten innblanding av torsk, seier Kjetil Holmeset i Geir.
Trudde det var u-båt
Og det er ikkje berre hyse det er mykje av. Fiskarane observerer også store mengder med sild i dette området.
- Vi ser det både på ekkoloddet og at stimar med sild kjem opp i moon-poolen når vi brukar lys. Det er faktisk så store mengder at styrmannen nesten trudde det var ein u-båt, då han såg ein stor sildestim på ekkoloddet, fortel Holmeset.
Ifølge Holmeset blir observasjonane av silda gjort over store område, noko som indikerer at det er mykje sild i området. Fiskarane meiner det kan vere snakk om to årsklasser, sidan den minste silda er to til tre cm, medan dei største er på rundt ni cm.
Forskar Bjarte Bogstad ved HI, seier at observasjonane av både hyse og sild, samsvarar med forskarane sine observasjonar i dette området.
Har tatt seg opp att etter invasjonen
Geir er eit av 13 norske linefartøy som no fiskar i russisk sone i Barentshavet. Fisket har tatt seg opp att etter at det så godt som stoppa opp for norske fiskebåtar etter invasjonen i Ukraina i februar 2022.