Du har kanskje registrert at det dukkar opp videoar, tekster og annonser med Fiskebåt som avsendar? Dette er ein del av Fiskebåt sin kampanje for å løfte fram den havgåande fiskeflåten.
Gjennom å få fram fakta om kor viktig den havgåande fiskeflåten er for verdiskaping, sysselsetting og busetting langs kysten, ønskar vi å tilføre debatten om fiskeripolitikken ein ny dimensjon.
I løpet av kampanjen vil det dukke tekster og videosnuttar i aviser og i sosiale medie-kanalar, der vi presenterer nokre av dei personane som er med på å skape leveverdige kystsamfunn. Så langt har dette vore ein suksess. Særleg videoen med styreleiar i Fiskebåt Christian Halstensen,har blitt sett av fleire tusen personar og er delt eit par hundre gongar.
Også artiklane med Stine Ytterstad og Marita Sedeniussen, har blitt lest av mange.
Dette tyder på at er stor interesse ute blant folk for å meir faktabasert kunnskap om kor viktig den havgåande fiskeflåten er for særleg kystsamfunna, men også for heile landet.
Du kan følge kampanjen på fiskeflaten.no Der vil det dukke opp fleire interessante saker dei komande vekene.