Sarah Heward hadde planar om å opne kaffibar i Tyndrum i Skotland, men banken krevde at ho heller skulle byrje med fish & chips. Og det gjorde ho.
I dag driv ho the Real Food Cafe og serverer både kaffi og fish & chips til gjestane.
- Banken hadde nok rett den gongen eg starta for 18 år sidan. I London var det vanleg med kaffibarar, men trenden hadde ikkje nådd ut på den skotske bygda enno. No startar vi dagen med frukostservering frå klokka 0730 om morgonen og held ope til klokka 21 på kvelden. Så no driv eg båe med kaffibar og fish & chips, fortel Heward.
Berekraftig norsk fiskeri
I vinter deltok ho i den nasjonale Fish & Chips-awardsen i London, og vann prisen i underkategorien «From Field to Frier Award». Denne veka var ho i Norge for å lære meir om berekraftig norsk fiskeri saman med dei andre Awards-vinnarane.
I løpet av tre dagar har dei fått med seg både tur på eit moderne linefartøy, Atlantic, og bedriftsbesøk hos Brødrene Sperre. Turen er arrangert gjennom eit samarbeid mellom Norges sjømatråd og Fiskebåt, og har som mål å profilere norskprodusert filet til bruk i fish & chips.
Sju norske fartøy
Til saman er det sju norske fartøy som har filetproduksjon om bord, og kan levere filetar av topp kvalitet til den britiske marknaden. Fartøya er organisert gjennom Norwegian Frozen at Sea, og målet er å vise britane det beste innan fish & chips, og korleis norsk kvitfiskproduksjon foregår på ein høgteknologisk og berekraftig måte.
I strålande sol og havblikk, fekk dei 12 britane eit godt innblikk i korleis både fiske og produksjon foregår. Med på turen er også fiskeridirektør Frank Bakke-Jensen, som orienterte om norsk fiskeriforvaltning og kvotepolitikk.
Viktig marknad
Storbritannia er ein viktig marknad for norsk kvitfisk. I mai hadde Storbritannia den største verdiveksten innan norsk fryst torsk, med ein auke på 51 millionar kroner, eller 64 prosent, samanlikna med same månad i fjor. Også volumet som blei eksportert til Storbritannia auka, viser statistikk frå Norges sjømatråd. Dette er rett og slett takka vere britane sin kjærleik til fish & chips, og deira fokus på berekraft.
Så langt i år har det blitt eksportert over 7 000 tonn fryst torsk til Storbritannia, og vi må heilt tilbake til 2002 for å finne tilsvarende volum etter årets fem første månader. I dag er Island vår største konkurrent når det gjeld fish & chips-marknaden i Storbritannia.
Det er om lag 10.000 fish & chip-utsal i Storbritannia. Det er estimert at om lag ein fjerdedel av fish & chips-måltida i Storbritannia blir laga av norsk fisk.
National Fish & Chip Awards har pågått i over 30 år og er det største årlege arrangementet for fish & chips-næringa.
Les også;
London – fish and chips på agendaen