This is some text inside of a div block.

Fiskebåt meiner det er naudsynt med ei grundig evaluering av forskingsinnsatsen på lange og brosme, og samtidig korleis kvoteråda blir berekna.


Fiskebåt oppmodar difor Havforskingsinstituttet til å legge fram ei sak om dette i neste møte i Fagleg råd for ressursforsking.

Fisket etter brosme og lange nord for 62 grader nord, blei første gong kvoteregulert i 2023. Etter råda frå det internasjonale havforskingsrådet, ICES, ble kotene sett til inntil 10 454 tonn lange og 8 076 tonn brosme, per fartøy som har tilgang til å delta i dette fisket. Bakgrunnen for dette var å unngå eit ukontrollert fiske etter dei to artane i ein situasjon med reduserte kvoter av nordaustarktisk torsk. Ein haustingsregel er også ein føresetnad for å halde på MSC-sertifiseringa av dette fisket.

Fiskebåt meiner likevel at metodane som blir brukt for å fastsette kvotene ikkje er tilstrekkelege, og vanskelege å forstå og vil difor ha ein gjennomgang med havforskarane om dette.

Nyheter
No items found.