This is some text inside of a div block.

Fiskebåt tok opp utfordringane i samband med loddefisket 18. januar i eit brev til Nærings- og fiskeridepartement.

Departementet har deretter tatt opp spørsmålet om å få fjerna restriksjonane for den norske flåten, med islandske styresmakter, utan at det har blitt endringar. I dag er det fiska mellom 6 000 og 7 000 tonn av kvota på 145 000 tonn. Det har vore vanskeleg å fiske lodde med not. Fangstraten til dei andre nasjonane som fiskar lodde med trål, er svært god samanlikna med den norske fangsten. I tillegg har dårleg ver ført til at lodda står djupt, noko som gjer det ekstra utfordrande å fiske med not.

I eit brev til Nærings- og fiskeridepartementet, viser Fiskebåt til at det kan bli vanskeleg å ta ut kvota viss det ikkje blir endringar. Enten at ein utvidar sesongen, eller gir løyve til at fleire fartøy kan delta i fisket. I dag er det avgrensa til 30 fartøy.

Ifølge Norges Sildesalgslag er det 56 norske fartøy som har tatt utsegling mot Island, og er klare for å delta i fisket. I brevet viser Fiskebåt til at ein auke i norske fartøy i fiske på same tid, ikkje vil vere til hinder for den islandske flåten.

 

Her kan du lese brevet frå Fiskebåt.

 

Les også;

Fiskebåt vil ha samme regler for norske fiskebåter i islandsk sone

Nyheter
No items found.