This is some text inside of a div block.

Fiskeriminister Cecile Myrseth (Ap) kjem til Fiskebåt sitt årsmøte tysdag neste veke. Tema er naturleg nok kvotemeldinga.

Den andre innleiaren i denne bolken som har Regjeringa sin nærings- og fiskeripolitikk som tema, er adm.dir. i Fiskebåt, Audun Maråk. Etter at dei to har holdt sine innleiingar vil det bli opna for debatt frå delegatar og andre som ønskar å ta ordet.

Etter lunsj er det klima og det grøne skiftet som står på dagsorden. Her blir det først innleiing ved spesialrådgivar Sveinung Oftedal i Klima- og miljødepartementet. Oftedal er ein sentral person blant anna i arbeidet med klimapartnerskap. Vi er også heldige å få med oss Arnstein Eknes som er segmentdirektør for spesialskip i DNV. Han vil blant anna trekke parallellar mellom fiskeflåten og andre fartøygrupper. Havforskingsdirektør Nils Gunnar Kvamstø skal deretter snakke om følgene det grønne skiftet har for havforskinga. Ass.dir. i Fiskebåt tar så ein runde om følgene for regjeringa sin avgiftspolitikk.

Andre dag av årsmøtet er sett av til organisasjonssaka og til ordinære årsmøtesaker.

Som vanleg er det svært stor interesse for å delta på årsmøtet som også i år blir på Hotel Bristol i Oslo. Det er over 300 personar påmeldt, og det er venteliste for fleire som har lyst til å delta.

Her kan du lese heile programmet for årsmøtet.

Nyheter