This is some text inside of a div block.

- Kravet om en maskevidde på 148 mm i Nordsjøen hindrar garnflåten frå å kunne drive eit lønsamt fiskeri etter fleire artar. Det seier avdelingsleiar Sturla Roald i Fiskebåt.


I eit brev til Fiskeridirektoratet og Havforskingsinstituttet blir det vist til at kravet om maskevidde på 148 mm i den norske delen av Nordsjøen blei innført i 2002 som eit tiltak for bygge opp att torskebestanden. EU følgde derimot ikkje opp sine lovnader i EU-sona om å auke minstemålet, og har heile tida operert med eit lågare minstekrav på 120 mm. I tillegg er det opna for bruk av enda mindre maskevidde, så lenge bifangst av torsk, hyse og sei ikkje overstig 20 prosent.

- Etter det vi forstår gjeld denne reguleringa også i britisk farvatn. Det er dermed svært ulike reglar for å drive eit rasjonelt garnfiske etter botnfisk i Nordsjøen, alt etter om det foregår i norsk sone, britisk sone eller i EU-sona, seier Roald.

Kvotenedgang i nord

Fiskebåt ber no om at det blir opna for å kunne drive eit konsumfiske med garn i norsk økonomisk sone, utafor fire nautiske mil frå grunnlinja med ei maskevidde på 132 mm.

- Vi vil understreke at det er kvotegrunnlag for å auke fisket av sei, hyse, lysing og andre kvitfiskartar i Nordsjøen, og at dette kan bli eit viktig alternativ for garnflåten både i kyst og hav. Ei justering av maskevidda vil dermed kunne bidra til å redusere dei negative konsekvensane som truleg vil kome som følge av reduserte kvoter nord for 62oN, seier Roald.

Må vere biologisk forsvarleg

Roald understrekar at det er ein føresetnad at ei eventuell endring må vere biologisk forsvarleg.

- Det er sjøvsagt ein føresetnad at endringa må være biologisk forsvarlig og harmonere med dei fastsatte minstemåla. Vi foreslår difor at det i første omgang opnast for dette i andre halvår, til ein har høsta erfaringar med bruk av mindre maskar i norsk del av Nordsjøen, seier Roald.

Fiskebåt har fleire gongar tidlegare tatt opp denne problemstillinga. Spørsmålet om maskevidde blei sist vurdert i 2020, men blei då avvist på grunn av at torskebestanden framleis var i dårleg forfatning.

Her kan du lese brevet frå Fiskebåt.

Nyheter