This is some text inside of a div block.

Arbeidet med å finne gode løysingar for både fiskeri og vindkraft er på dagsorden, då fiskeri- og havvindinteressene inviterer til felles seminar i juni.

Det er Fiskebåt i lag med Norges Fiskarlag, Nord Fiskarlag, Sør-Norges Fiskarlag og Offshore Norge, som inviterer alle interesserte til dette seminaret som blir på Clarion Hotel Air på Sola.

Den første havvind-auksjonen på norsk sokkel er avgjort på Sørlige Nordsjø II, medan utlysing av Utsira Nord er utsett. Diskusjonane går om kvar ein skal bygga ut havvind. Regjeringa har ein ambisjon om å ha tildelt areal for 30 GW havvind innan 2040, for å møte det aukande behovet for fornybar energi. I tillegg er det venta at vindkraftnæringa vil skape nye arbeidsplassar og føre til industriutvikling.

Samtidig er det ei grunnleggande føresetnad at havvind ikkje skal øydelegga for fiskerinæringa eller for fiskebestandar. Organisasjonane held difor fram med arbeidet med å finne gode løysingar for både fiskeri- og havvindnæringa.
 
Seminaret er gratis og ope for alle, men deltakarane betalar overnatting og dagpakke.

Påmelding finn du på denne lenka.

Les meir om programmet her.

Nyheter
No items found.