This is some text inside of a div block.

Gjekk du glipp av Ombordfryst 2025? Eller har du berre lyst til å oppleve høgdepunkta igjen? Då har du sjansen no - her følgjer nemleg opptak av heile konferansen.

Konferansen er årets største høgdepunkt innan sjømatnæringa. I år var det igjen rekordeltaking med over 600 deltaker til saman (nesten 500 i salen, og godt over hundre som følgde oss digitalt), som møtte opp for å få fagleg påfyll før vintersesongen for kvitfisk startar.

Konferansen, som blir arrangert i eit samarbeid mellom Fiskebåt, Nordea og Norges sjømatråd, feira i år 10-års jubileum. Då er det ekstra kjekt med rekordoppmøte, noko som viser at vi traff blink med programmet også.

Neste års konferanse blir 8. januar 2026.

Her kan du sjå årets konferanse!

På vår Instagram-konto kan du sjå fleire bilde frå konferansen.

Nyheter