This is some text inside of a div block.

Ein av foredragshaldarane er Knut Erik Steen, som er fagsjef i Norsk Industri, som skal snakke om kvifor Norge ønskar å satse så stort på havvind. Professor Jan Emblemsvåg ved institutt for havromsoperasjonar ved NTNU skal gi eit skråblikk på norsk og internasjonal produksjon av elektrisitet frå havvind, og Cedrik Fonn Skåre, advokat i Thommesen, skal greie ut om kor sterkt føre-var-prinsippet står både i Norge og internasjonalt.

Etter innleiingane blir det paneldebatt, der også publikum har høve til å delta.

 

Tredeling

Konferansen har tre hovudbolkar der første delen tar for seg havvind. I del to skal ein løfte blikket utover og diskutere norsk villfisk i eit globalt perspektiv, og kva betydning norsk villfanga fisk har i den globale marknaden i dag og i framtida. Del tre tar for seg ressursforvaltning og kva ein veit om den økologiske balansen i havet.

 

Her finn du meir info. om program og påmelding til konferansen.

Nyheter
No items found.