This is some text inside of a div block.

- Viss vi ikkje greier å få til ein god dialog frå start av, så vil det skjere seg etter kvart. Det har vi dårlege erfaringar med, frå debatten om vindkraft på land. Det sa statssekretær Elisabeth Sæther (Ap) i Olje- og energidepartementet til årsmøtet i Fiskebåt.

Sæther hadde det første innlegget i temabolken om sameksistens i havrommet, og dialog var hennar hovudpoeng, og ho viste til at det allereie er etablert fleire grupperingar der ein skal sikre at partane blir høyrde.

- Det er viktig å ha gode plassar der alle partar kan snakke saman og der partane kan legge fram sine interesser, sa Sæther.

Rådgivar Hanna Bauge i Fiskebåt poengterte at konkurransen om areala i havet er ei viktig sak for Fiskebåt og fiskerinæringa.

- Vi må vere villige til å diskutere kva vi skal leve av i framtida og kva vi skal leve av etter at oljen tar slutt, og ikkje minst må vi vere med å finne ut korleis vi skal løyse klimautfordringane vi står overfor, sa Bauge.

Hanna Bauge, rådgiver i Fiskebåt. Foto: Odd Kristian Dahle.

Ho viste til at Fiskebåt ikkje er negative til nye næringar, men at det er avgjerande at det blir gjort på ein forsvarleg måte og at utbyggingar baserer seg på kunnskap og at det skjer i kontrollerte former.

- Vi treng ein overordna plan som tar omsyn til desse punkta. Og så må vi ikkje gløyme at fiskeri er ein del av løysinga på klimaproblemet. Ei stadig voksande befolkning treng sunn og berekraftig mat, sa Bauge.

Fredrik Myhre i WWF viste til at verda står overfor både ei klimakrise, men også ei naturkrise som pågår i eit stort tempo.

Fredrik Myhre i WWF. Foto: Odd Kristian Dahle.

- Sidan 1970 og fram til i dag har det vore ein nedgang i talet på artar på 69 prosent. Vi mistar dyreliv i eit veldig stort tempo og det er mennesket som står bak. Det gir også håp fordi vi kan endre på det, sa Myhre.

Under finn du vedtaka frå årsmøtet.

Regjeringens nærings-og fiskeripolitikk

Sameksistens mellom etablerte og nye næringer i havrommet

Havforskningsinstituttets økonomiske rammer og prioriteringer

Nyheter
No items found.