This is some text inside of a div block.

Aodh O'Donnell, administrerande direktør for Irish Fish Producers Organisation, vil ha forbod mot norske fartøy i irske farvatn. Urimeleg og feilaktig påstand, seier Audun Maråk og Gjert E. Dingsør i Fiskebåt.

Det er i to artiklar i dei britiske fiskeritidskrifta, The Skipper og The Fishing Daily, at  O'Donnell kjem med kritikken mot norske fiskefartøy. Ifølge O'Donnell, at norsk overfiske er hovudårsaka til at havforskarane tilrår ein reduksjon på 22 prosent for makrellkvota neste år.

- Å hevde dette er både urimeleg og feil. Norge fiskar en andel av makrellen som er sammanliknbar med det vi fiska før 2008, då Island auka sin fiskeriaktivitet. I tillegg har Russland auka sitt fiske i internasjonale farvatn, noko også Grønland og Færøyene har gjort. Norge auka sin andel i 2021, basert på det vi meiner rettmessig tilhøyrer oss, seier Maråk.

Maråk har saman med ressursforskar Gjert E. Dingsør, i Fiskebåt skrive eit motsvar på kritikken. Der viser dei til at dette bygger på sonefordelinga, altså kor mykje av makrellen som er i norske farvatn, bidrag til overvakinga av bestandane og historisk fiske. Maråk og Dingsør viser også til at Norge og EU hadde avtalar om makrell frå 2010 til 2020, der Norge godtok ein lågare andel i byte mot full tilgang til å fiske makrell i EU (Storbritannia) sine farvatn.

- Etter Brexit mista Norge tilgang til britiske farvatn i 2021, så vi gjekk tilbake til den andelen vi meiner er rett. Fiskebåt og Norge meiner at alle nasjonar må ta ansvar for felles avtalar om fiskekvotar, og difor har Norge kontakta EU, Storbritannia og andre nasjonar. For 2023 inngjekk Storbritannia og Norge ein avtale om makrell. For 2024-2026 har Norge, Storbritannia og Færøyene en avtale som er open for at andre kyststatar kan slutte seg til. Begge desse avtalane har bidratt til å redusere overfisking. Vi er einige om at alle europeiske land har et ansvar for å fiske berekraftig for å beskytte fiskebestandane, seier Maråk og Dingsør.

Her kan du lese sakene i The Skipper og i The Fishing Daily.

Nyheter