This is some text inside of a div block.

Regjeringa legg opp til nokre mindre justeringar for fiskeri i sitt reviderte budsjett som blei presentert i dag.


Fiskebåt har tidlegare tatt opp tre saker med regjeringa – auka bevilgningar til ressursforsking, redusert produktavgift og redusert avgift på viltlevande marine ressursar. Regjeringa har delvis kome Fiskebåt i møte på desse punkta.

Regjeringa foreslår å redusere produktavgifta med 0,1 prosent til 1,9 prosent med verknad frå 1. juli. Fiskebåt er positiv til dette, men meiner at auken i forventa førstehandsverdi gir grunnlag for enda større reduksjon.

Regjeringa foreslår vidare å auke bevilgninga frå fiskeriforskingsavgifta med 71,6 millionar kroner. I tillegg blir budsjettet til Havforskingsinstituttet justert for inflasjon. Dette er om lag som forventa i forhold til førstehandsverdi i 2022 og nye prognosar for 2023.

Bevilgninga blir fordelt med 25,6 millionar kroner til Fiskeridirektoratet sitt arbeid med fiskeriforsking og overvaking, og 46 millionar kroner til Havforskingsinstituttet si drift av forskingsfartøya.

Det blir ikkje foreslått noko endring i satsen for avgifta på viltlevande marine ressursar, som blir ståande på 0,42 prosent. Utgangspunktet for denne avgifta var å gi staten ein proveny på 100 millionar kroner. Med auka førstehandsverdi kan difor dette beløpet bli større.

Nyheter
No items found.