Færøysk mannskap som jobbar på norske skip kan rekne med ein kraftig skatteauke. Færøyske styresmakter ønskar å likestille dei med dei som jobbar på færøyske skip.
Fiskebåt har saman med fire andre organisasjonar sendt brev til færøyske skattestyresmakter med oppmoding om å endre forslaget. Skatteendringane kan potensielt få store konsekvensar for de færøyske tilsette som jobbar i Norge. Det er ein god del færøyske sjøfolk som jobbar i Norge, så skatteforslaget får også konsekvensar for norske reiarlag.
Det er lagt opp til ein minimumsskatt på 35 prosent, avgrensa moglegheiter for frådrag og endringar i sosiale ytingar. Dei risikerer også dobbel skattlegging. Dette vil fører til at det blir mindre attraktivt å jobbe på norske fartøy.
Fiskebåt er difor uroa for kva følgjer ei slik endring kan få, og har difor saman med Kystrederiene, Norsk Sjømannsforbund, Norsk Sjøoffiserforbund og Det Norske Maskinistforbund uttrykt vår uro for konsekvensane av dei nye skattereglane
Fiskebåt og dei andre organisasjonane har difor bedt norske styresmakter undersøke om dette kan vere brot på den nordiske skatteavtalen.
Her kan du lese brevet som er sendt til Færøyenes finansdepartement.
Her kan du lese brevet som er sendt til Finansdepartementet og Nærings- og fiskeridepartementet.