Sameksistens mellom etablerte og nye næringar i havrommet er blant det som skal diskuterast på årsmøtet til Fiskebåt neste veke.
Fleire næringar har vist interesse for å ta i brukt havet. Mest framme i debatten er utbygging av vindkraft, men også utvinning av mineralar og offshore fiskeoppdrett aktuelle næringar, og difor naturleg tema på Fiskebåt sitt årsmøte. Innleiarar til dette temaet blir statssekretær i Olje- og energidepartementet Elisabeth Sæther (Ap), Fredrik Myhre i WWF og Hanna Bauge frå Fiskebåt.
Regjeringa sin fiskeripolitikk er naturleg nok også eit sentralt tema på årsmøtet, der fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran (Ap) kjem for å orientere.
Til årsmøtet kjem også Havforskingsdirektør Nils Gunnar Kvamstø for å snakke om økonomiske rammer og prioriteringar i havforskinga. Fagdirektør Geir Huse, ved havforskingsinstituttet, skal orientere om kvoteutsikter i Nordaust-Atlanteren.
Fullstendig program følgjer under. Møtet vil også bli streama på nettet. Det blir lagt ut lenke på fiskebat.no og på Fiskebåt si Facebook-side.
Årsmøtet i Fiskebåt, blir arrangert på Thon Hotel Bristol, 14. og 15. februar, og er ein av dei viktigaste arenaene for norsk sjømatnæring med nær 400 deltakarar frå næringa, tilsluttande næringar, embetsverk og politikarar.
Her kan du sjå dagsorden for møtet.