O. Husby held til på Averøya i Møre og Romsdal, og var ein av dei første som starta hysefiske så langt aust i Barentshavet i år. Seinare har fleire kome til og på det meste har det vore opp mot 13 norske fartøy i området i tillegg til ein del russiske fartøy.
Langt aust
- Vi har heldt oss lengst aust, men det er ikkje mykje hyse å finne her. Tvert om, så er det fullt av småkrabber som et opp agnet på linene våre. Det vi har fått har likevel vore bra med fin storleik på fisken, men dei store mengdene som havforskarane snakkar om har vi ikkje sett, seier Husby.
Sør-veset for Novaja Semlja
Dei norske fartøya held seg i området sør-vest for Novaja Semlja, og ifølgje Husby har to - tre båtar fått bra med fangstar, medan det har vore variabelt for dei andre.
O. Husby har vore ute i to veker no og kjem til å halde seg i Russland fram til dei skal losse i Båtsfjord 20. oktober.