Lasse og resten av mannskapet bidreg også til mange andre arbeidsplassar langs kysten. Den norske fiskeflåten står for ei verdiskaping på over 13 milliardar kroner i året.
Fiskeflåten sikrar at verdiskapinga kjem heile kysten til gode. Fiskeflåten består av fleire tusen lokalt eigde bedrifter. Dei bidrar med ringverknader, sysselsetting og busetting i norske kystkommunar. Den havgåande flåten sikrar mange livskraftige kystsamfunn.
VIDEO: Her kan du sjå filmen med Lasse Sætre
Havfiskeflåten tilbyr ordna arbeidsforhold med god løn. Dette har bidratt til at ungdom har søkt seg til fiskeflåten og mange har etablert seg med familie i heimkommunen. Dette gir også liv til mange bygdesamfunn langs kysten.
- Det har blitt mykje betre å jobbe i fiskeri no enn det var for 30-40 år sidan. No har eg dagleg kontakt med familien heime på Facetime og vi kan utveksle bilde, så ein blir i grunnen oppdatert like godt som om ein er heime, seier Sætre.
Fiskerifamilie
Turnusen er fem veker på sjøen og fem veker fri. Når han er heime går kvardagane i stor grad med til å ta seg av ungane og deira daglege gjeremål.
Sætre har sjølv vakse opp i ein fiskerifamilie.
- Systera mi har vore fiskar, bror min er styrmann på ein fiskebåt i dag. Faren min er fiskeskipper og eg har ein bestefar som har vore på sjøen, seier Sætre.
Strenge krav til kompetanse
Sætre fortel at det blir stilt strenge krav til kompetanse og opplæring til dei som skal jobbe om bord.
- Norske fiskebåtar er verdsleiande innanfor tryggleiken om bord. Det er stor merksemd rundt sikkerheit, enten det er på dekk, i styrehuset eller i fabrikken, seier Sætre.