Og akkurat det skal Janne Grethe Strand Aasnæs, styreleiar i Fiskebåt Vest, snakke om på konferansen Kvinner kast loss – vi må ta plass i sjømatnæringen! I Ålesund 10. november.
Det er organisasjonen Ocena som arrangerer konferansen, der målet er å motivere kvinner til å arbeide i og for sjømatnæringa.
Andre typar utfordringar
Ifølge Oceana møter kvinner andre typar utfordringar enn menn i møte med den marine næringa.
- Sjølv om undersøkingar viser at mangfald gir best resultat, er det framleis mangel på kvinner i næringa, skriv organisasjonen på si heimeside.
På konferansen ønskar dei å sette søkelys på korleis ein kan få fleire kvinner til dei marine næringane på alle nivå, og belyse kva som er hindringane. Difor har dei invitert mellom anna Aasnæs til å dele sine erfaringar. I tillegg til å vere styreleiar i Fiskebåt Vest, er ho også administrerande direktør i Strand Havfiske, og har ei rekke andre styreverv.
Det kjem også fleire andre sentralt plasserte kvinner som skal halde innlegg på konferansen.
Les meir om arrangementet her.
Dette er Oceana;
Ocana er eit bransjenetteverk for kvinner i den marine næringa i Ålesund og omegn. Nettverket har som mål å drive relasjonsbygging og fagleg utvikling, og arrangerer fleire samlingar med fagleg og sosialt innhald gjennom året.