Torsdag 10. august startar Fiskeridirektoratet på sitt årlege ryddetokt etter gjenståande fiskereiskapar. I år er det MS Vikingbank som tar jobben.
Toktet går frå Ålesund til Kirkenes og skal halde på til slutten av september, skriv Fiskeridirektoratet på si nettside
Dei årlege oppreinskingstokta til Fiskeridirektoratet, er eit svært viktig bidrag for å redusere marin forsøpling og spøkelsesfiske. I 2022 blei det blant anna tatt opp 31 000 meter med garn, skriv direktoratet.
Leiar for toktet, Gjermund Langedal i Fiskeridirektoratet, fortel at brukbare delar og heile reiskapar som takast opp, blir levert tilbake til eigar. Noko går til gjenvinning og resten blir levert til avfallsmottak.
Ifølge Langdal er fiskarane stort sett flinke til å følge opp meldingskravet ved tap av fiskereiskapar, men det er alltid nokon etternølarar, og diverre nokre som av ulike grunnar lar vere å melde frå. Viss nokon veit at dei har gløymt å melde frå, eller kjenner til område der det er tapte fiskereiskapar, så vil direktoratet gjerne ha beskjed så snart som råd, slik at dei kan ta det med på toktet.