Fisken har mange namn, størje, blåfinna tunfisk eller rett og slett makrellstørje. Den er ein av dei største beinfiskane som finnast og den er den aller største tunfiskarten. Men lett å fange er den nok ikkje. Farta kan kome opp i 70 kilometer i timen og den kan krysse Atlanterhavet på 50 dagar, ifølgje informasjon frå Havforskingsinstituttet.
Opna for fritidsfiskarar
I tillegg til dei profesjonelle fiskarane er det opna for at 24 utvalde lag med «merk og slepp», og rekreasjonsfiskarar kan delta i dette spennande fisket. Av dei 24 laga kan alle lande ei størje til matauk, og 18 av laga kan delta i «merk- og sleppfisket». På den måten kan forskarane lære meir om leveviset og vandringsmønsteret til denne spesielle fisken som for få år sidan var truga av utrydding, og sjeldan å sjå i norske farvatn. Det er ikkje lov å selje fisken som vert teken i «merk- slepp» og rekreasjonsfisket.
Aukande bestand
Intenst fiske på 1950-talte og framover til 1970-talet førte til ein dramatisk nedgang for bestanden. I 2007 blei det innført totalforbod mot fangst av makrellstørje i norske farvatn. Det blei sett i gang eit omfattande arbeid for å berge bestanden og sakte, men sikkert bygge den opp igjen. The International Commission for the Conservation of Atlantic Tunas, ICCAT, sette i gang fleire tiltak for å redde bestanden.
Det blei innført kvotar for fangst, gyteområde blei verna og det blei innført tiltak for å unngå fangst av ungfisk. I tillegg kom det krav om å registrere all fangst, og det blei innført kontroll av at den årlege totalkvota ikkje blei overstige.
I 2014 blei fisket i Norge opna i liten skala etter tildelte kvoter frå ICCAT og i 2018 kunne ICCAT gå frå ein gjennoppbyggingsplan til ein forvaltningsplan. Dei siste par åra har kvota auka jamt og trutt. For norske fartøy skuldast dette både at bestanden har auka slik at totalkvota er større og at Norge har fått tildelt ein større del av totalkvota.
Mexico-gulfen og Middelhavet
Ifølgje Havforskingsinstituttet er det snakk om to hovudbestandar, der den vestlege størja gyt i området ved Mexico-gulfen, medan den austlege gyt i på tre lokalitetar i Middelhavet i mai-juni. Det er i all hovudsak den austlege bestanden som kjem til norske farvatn i overgangen frå sommar til haust, men prøver som er tatt frå størje, som mellom anna har gått i laksemerder, viser at den vestlege størja også har besøkt oss.
Viktig å sikre kvaliteten
Prisane for makrellstørje har tradisjonelt vore gode på den internasjonale marknaden, men kjøparane stiller også strenge krav til kvaliteten på fisken.
- Dei som deltar i fisket må legge fram ein plan for korleis dei skal handtere og levere fangsten, slik at kvaliteten held seg. Det må også leggast fram ein plan for korleis fisken skal omsettast, seier Maja Brix, seniorrådgivar i Fiskeridirektoratet.
For å delta i fisket må ein melde seg på gjennom Fiskeridirektoratet som administrerer fisket som foregår i norske farvatn. I 2020 var det loddtrekning mellom dei påmelde fartøya, og denne loddtrekning danna grunnlag for ei rulleringsliste som skal nyttast framover. Det er partane i ICCAT som bestemmer kor store kvotene er frå år til år.
- For oss er det viktig å ha gode rutinar og system som viser at vi driv eit berekraftig fiske, og som tilfredsstiller dei krava som ICCAT set. På den måten vil dette vere ei spennande fiske for norske fiskarar framover, seier Brix.
Les også;
Utvider fisket etter makrellstørje
Flere får fiske makrellstørje
Første makrellstørja tatt
Doblar makrellstørje-kvota
Fakta om makrellstørje:
Kilde: Havforskingsinstituttet
Latinsk namn: Thunnus thynnus (Linneaeus 1758)
Familie: Scombridae (makrellfamilien)
Gyteområde: Austleg makrellstørje gyt i varme farvatn (> 24°C) på spesifikke og avgrensa lokalitetar i Middelhavet rundt Balearene, Sicilia, Malta, Kypros og libyske farvatn.
Oppvekstområde: Middelhavet, kysten av Portugal og Biscaya
Maks storleik: > 3 meter og større enn 500 kg
Levetid: Maks >30 år, sjeldan eldre enn ca. 20 år
Føde: Krepsdyr, småfisk og blekksprut som ung, deretter stimfisk som makrell, sild, ansjos, tobis og brisling.