This is some text inside of a div block.

Forslaget vil føre til at fiskefartøy ikkje lenger får bunkre avgiftsfritt når fartøyet går direkte frå norsk til utanlandsk havn. I dag kan norske fartøy bunkre i Norge, for så å gå til utanlandsk hamn, og dermed få fritak for CO2-avgifta.

Kompensasjonsordninga for fiskeflåten har som mål at den skal utjamne skilnadane i kostnader mellom norske og utanlandske fiskefartøy, samtidig som den skal vere eit virkemiddel for å det grøne skiftet i fiskeflåten.

Forslaget frå Skatteetaten kan også ha ei uheldig side i forhold til beredskap, då det kan føre til færre bunkringsanlegg langs kysten, viss flåten aukar bunkring i utlandet, eller i internasjonalt farvatn. Fiskeflåten har i dag ingen reelle alternativ til diesel/biodiesel og avgifta blir difor berre ei fiskal avgift som svekkar den norske konkurranseeva i forhold til andre land som opererer i det samme farvannet.

Fiskebåt har lenge jobba for at det skal vere like vilkår mellom norske fartøy og utanlandske konkurrentar. Ved å legge opp til den løysinga som Skattetaten her foreslår, vil det truleg føre til at norske fartøy, då også vil bunkre i utlandet.

Stortinget har bevilga 500,4 millionar kroner til kompensasjonsordningar for fiskeflåten i 2024. Stortinget har vidare vedteke ein auke på 62 øre per liter i 2025.

Det kan også nemnast at landsmøtet i Høgre i helga vedtok at fiskeflåten må fritakast for CO2-avgift.

Høyringsfristen til forslaget frå Skatteetaten er 20. mai 2025.

Nyheter
No items found.