Aukande proteksjonisme i fleire land og debatt om grunnrente i fiskerinæringa, er noko av det som er tema på årets Solstrand-seminar. Og enno ventar vi på kvotemeldinga.
Etter pandemipause er årets Solstrand-seminar det første på fire år. Mykje er usikkert for fiskerinæringa no, ikkje minst innan kva skatte- og avgiftspolitikk ein kan vente seg framover.
Til Solstrand kjem Ole Håkon Eek-Nielsen frå Nordea for å snakke om aukande proteksjonisme i fleire land, politisk uro. Statssekretær Vidar Ulriksen (Ap) i Nærings- og fiskeridepartementet skal snakke om det «det pelagiske kompleks» og utfordringane med manglande internasjonale avtalar.
Det er innført grunnrenteskatt for havbruksnæringa, og fleire tar til orde for at det også bør innførast for fiskeri, men er det grunnlag for slik skattlegging og korleis skal det eventuelt fungere i praksis?
Til å belyse dette kjem Jarle Møen, professor ved Norges handelshøgskule og advokat Mons Alfred Paulsen frå Thommessen.
Seminardagen avsluttast med ein debatt om fiskeripolitikken framover, før det blir festmiddag med underhaldning på kvelden.
Til debatten stiller;
Vidar Ulriksen (Ap)
Olve Grotle (H)
Helge André Njåstad (Frp)
Jenny Klinge (Sp)
Det er enno mogleg å melde seg på for medlemmar. Ta kontakt med ragnhild@fiskebat.no