Fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen Næss (Ap) kjem til Fiskebåt sitt årsmøte komande veke. Det gjer også havforskingsdirektør Nils Gunnar Kvamstø.
Fiskeriministeren skal orientere om regjeringa sin nærings- og fiskeripolitikk, og havforskingsdirektør Nils Gunnar Kvamstø skal snakke om dei økonomiske rammene til Havforskingsinstituttet som har blitt stramma inn.
Samtidig blir ressursforskinga stadig viktigare i forvaltninga av fiskeressursane. Frå havforskingsinstituttet kjem også forskingsdirektør Geir Huse som skal orientere årsmøtet om kvoteutsiktene på både kort og litt lengre sikt. Som kjent er det kraftig reduksjon i kvotene for fleire viktige fiskeslag.
Fiskeflåten og klima
Grøn omstilling i fiskeflåten er eit anna sentralt tema både for Fiskebåt og på årsmøtet. Her vil det kome fleire innleiarar som skal fortelle om kva for løysingar som finnast for fiskeflåten for å redusere utsleppa av klimagassar. I tillegg vil det bli gitt ei orientering om klimapartnarskapet som blei inngått med regjeringa før jul. Eit sentralt spørsmål er også korleis endringar i regelverket og reguleringar kan vere med å redusere utsleppa av klimagassar frå fiskeflåten.
Organisasjonssaka
På onsdag, som blir andre årsmøtedag, skal årsmøtet ta stilling til om Fiskebåt framleis skal vere medlem av Norges Fiskarlag eller ikkje. Denne saka har vore oppe på dei siste årsmøta til Fiskebåt, og også vore drøfta på dei regionale årsmøta.
Årsmøtet blir som vanleg i konferansesalen i Hotel Bristol i Oslo. Møtet blir streama for dei som ikkje har høve til å delta fysisk.