This is some text inside of a div block.

Samla for budsjettet legg regjeringa opp til ein vekst i Brutto nasjonalprodukt på 4,4 prosent neste år, og held samtidig igjen med å bruke for mykje oljepengar. Under finn du ei oversikt over dei viktigaste punkt i budsjettet for fiskerinæringa.

 

Dei viktigaste punkta for fiskeri;

 

  • Regjeringa vil ha betre fiskerikontroll
  • Regjeringa foreslår å auke løyvingane til fiskerikontroll med 42 millionar kroner i 2021. Auken er foreslått finansiert ved ei ny kontrollavgift for fiskeflåten. Denne kontrollavgifta er foreslått sett til 0,22 % av verdien av omsetninga i fyrstehand. Det er foreslått at fartøy under 15 meter ikkje betalar avgift det første året. 

  

  • Regjeringa held fram med satsinga på grøn skipsfart
  • Regjeringa foreslår ei vidareføring av låneordninga for skip i nærskipsfart og fiskeflåten med ei låneramme på 600 millionar kroner. Låneordninga skal bidra til grøn flåtefornying, og vil fungere som ei toppfinansieringsordning. 
  • Regjeringa foreslår i tillegg å løyve 25 millionar kroner til Grønt Skipsfartsprogram, og 80 millionar kroner til vidareføringa av satsinga på null- og lågutsleppsbåtar.
  • Ei storingsmelding kring maritim politikk kjem i løpet av hausten.

 

  • Regjeringa vil styrke overvakinga av kysten
  • Regjeringa foreslår å løyve 32 millionar kroner til betre overvaking av kysten, meir kunnskap om livet i havet og styrking av Forskingsrådet sine marine verkemiddel. 
  • Blant anna tildelast Havforskingsinstituttet, HI, 4,6 millionar kroner til auka kunnskap om bestandar ein har lite data kring, som snøkrabbe, hummer, lange, brosme, breiflabb og steinbit. HI får i tillegg 11 millionar kroner til forsking og overvaking av kysten.
  • Forskingsrådet får 15 millionar kroner for å fremje vekst i den blå økonomien.
  • Fyrstehandsomsetnaden av fisk er ilagt ei avgift for å finansiere fiskeriforsking. Prognosane for i inntekter i fiskeriforskingsavgifta er auka med 57 millionar kroner samanlikna med saldert budsjett i 2020. Auken skuldast forventningar til høgare førstehandsomsetning i 2021 enn i 2020.

 

  • Regjeringa vil nytte 100 millionar kroner for å fremje norsk eksport
  • Eksportfremjing er foreslått styrka med 75 millionar kroner og ein ynskjer styrke klyngeprogrammet med 20 millionar kroner.

 

  • Regjeringa reduserer produktavgifta i fiske og fangst
  • Regjeringa foreslår at produktavgifta på førstehandsomsetnaden av fisk, kval og sel setjast ned frå 2,2 prosent til 2,1 prosent.

 

  • Regjeringa aukar Co2 avgifta
  • For 2021 føreslås det å auke avgiftsnivået på ikkje kvotepliktige utslepp av klimagassar med fem prosent utover prisjustering, frå 544 til 594 kroner per tonn Co2. Dette impliserer ei avgiftsauke på åtte øre literen for mineralolje. 

 

  • Regjeringa prisjusterar avgift på NOx utslepp
  • For 2021 føreslås det å prisjustere avgift for NOx utslepp med 3,5 prosent. Ny avgift blir difor 23,48 kroner per kilo NOx, mot 22,69 i 2020. 

 

  • Fiskepensjonsordninga skal utreiast
  • For å betre økonomien i pensjonstrygda for fiskerar foreslår regjeringa at medlemspremien og omsetnadsavgifta aukast på same måte som i fjor. Det vil seie at medlemspremien er foreslått auka med 25 prosent utover auken i grunnbeløpet og at omsetnadsavgifta føreslås auka frå 0,3 prosent til 0,35 prosent. 
Nyheter
No items found.