This is some text inside of a div block.

Tysdag 16. august er den store sjømatdagen under Arendalsuka. Då har Fiskebåt og fleire av de andre sjømatorganisasjonane reservert eit eige telt sentralt i sentrum, som denne dagen er «Sjømatteltet». Eit av dei temaene som blir tatt opp er utfordringane rundt utbygging av vindkraft til havs og fiskeriinteressene. Her blir det både innleiingar frå næringa og ein paneldebatt med sentrale politikarar. Ei anna viktig sak er fiskeripolitikken og arbeidet med ny kvotemelding. Her stiller også fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran.

Alle arrangementa blir sendt på nett, slik at det er mogleg å følge for dei som ikkje har høve til å delta fysisk.

 

Klikk her for å følge arrangementet digitalt.

 

Her er ei oversikt over programpostane;

09.00 – 10.30

Norsk fiskeripolitikk – henger ambisjonene og realitetene sammen?

Ordstyrar: Sveinung Flem, Surofi

 

11.00-12.00

Hvordan skape en inkluderende fiskerinæring?

Ordstyrar: Hanna Bakke-Jensen, Norges Fiskarlag

 

12.30-14.00

Slaget om havet – fisken og vinden

Ordstyrar: Odd Kristian Dahle, Fiskebåt
 

14.30-15.30

Hvor står sjømaten i matpolitikken?

Ordstyrar: Hans Petter Næs, FHF

 

16.00-17.30

Norge og Russland – et fiskerisamarbeid i krig og fred

Ordstyrar: Sverre Johansen, Norges Fiskarlag

Nyheter
No items found.