This is some text inside of a div block.

Endringane kjem som ein følge av at regjeringa har gått gjennom karantenereglane på nytt, og endringane er i stor grad i tråd med innspel som Fiskebåt har kome med. Tidlegare måtte ein gjennomføre to testar med minimum 48 timar mellomrom etter at ein var kome til Norge. Dette gjorde det vanskeleg for sjøfolk å mønstre på, sidan ein måtte vere ein stad der ein kunne få tatt denne andre testen.

 

Innstrammingar

I hovudsak er det unntaket for samfunnskritiske funksjonar stramma inn ved at det kun er tilfelle der det er strengt naudsynt for å sikre forsvarleg drift at ein kan få unntak frå karantene. Ifølgje regjeringa kom denne endringa, som eit resultat av enkelte bedrifter nytta seg av ordninga utan at det strengt tatt var nødvendig.

I dei justerte reglane er det presisert at arbeidsgivar pliktar å planlegge drifta av verksemda slik at bruken av dette unntaket i størst mogleg grad blir unngått.

 

Innreisekarantene

Personar som kjem til Norge frå utlandet og er i innreisekarantene, kan nytte seg av offentleg transport til staden der ein skal vere i karantene. I samband med transporten er ein pålagt å bruke munnbind. Dei som kjem til Norge på denne måten må ta ein korona-test før dei kan byrje å jobbe. Er den negativ slepp ein då ytterlegare karantene i arbeidstida, og treng heller ikkje ta fleire testar. For å sleppe karantene på fritida må vedkomande teste negativt ein gong til på eit seinare tidspunkt, eller gjennomføre karanteneplikt på fritida.

 

Les også;

Kan bli endring i karantenereglene

Korona samleside finn du fleire aktuelle saker om koronasituasjonen

Nyheter
No items found.