This is some text inside of a div block.

Sjømatrådet meldte om rekordstor sjømateksport i sin siste månadsrapport for februar. Totalt er det eksportert sjømat for omlag 19 milliardar kroner hittil i år, noko som er 2,5 milliardar meir enn på same tid i fjor. Det gir ein auke i eksportverdi på i overkant av 15 prosent. Eksportvolumet var derimot ned knappe to prosent til 430 000 tonn. 

Samanlikna vi med tilsvarande periode i fjor har sjømatsektoren framleis vind i segla som følge av betra konkurransesituasjon i form av ei svak krone. I denne artikkelen, dog noko forenkla, vil ein forsøke å synleggjere effekten svakare NOK har hatt på særleg eksportverdiane av torskefisk og pelagisk i starten av 2020. 

 

Eksportverdi

Når det gjeld torskefisk er det eksportert sju prosent mindre volum hittil i år enn på same tid i fjor jamfør statistikk frå Sjømatrådet. I 2019 blei det eksportert i overkant av 71 100 tonn mot knappe 66 000 tonn i år. Eksportmengde har dermed hatt eit fall på cirka 5 000 tonn. Eksportverdien har derimot auka frå 2,8 milliardar i 2019 til 2,95 milliardar lågare volum til tross.  Det gir ein eksportverdi per kilo på 44,65 kroner i 2020 samanlikna med 39,34 i 2019, ein oppgang på nesten 13,5 prosent.

Når det gjeld pelagisk er volumet om lag det same i 2019 og 2020. For same periode i 2019 vart det eksportert nær 140 000 tonn, mot 139 000 tonn i år. Eksportverdien har derimot gått frå 1,33 milliard til 1,76 milliard i same periode. Det gir ein auke i eksportverdi per kilo frå 9,51 kroner i 2019 til 12,68 kroner i 2020, eller knappe 25 prosent.

Basert på ein rapport frå NOFIMA i mai 2016 samt eksportrapportar er kvitfisken meir EUR avhengig enn pelagisk, som er meir USD styrt. Noko forenkla, basert på viktigaste eksportmarknadane, har ein tatt utgangspunkt i ei vekting for torskefisk på 0,5 EUR, 0,40 USD, 0,10 GBP. Då kjem ein fram til at NOK har svekka seg 4,92 prosent så langt i 2020 samanlikna mot same periode i 2019 i denne valutakurva. For pelagisk er tilfelle kring seks prosent, med ei vekting på 0,65 mot USD, 0,15 JPY og 0,20 mot USD.

NOK svekkinga har dermed gitt eit positivt bidrag til eksportverdi per kilo med knappe 36 prosent for torskefisk (2019 Eksportverdi per kilo 39,34, 2020 44,65 kr, valutajustert 2020 41,28 kr), og i overkant av 18 prosent for pelagisk så langt i 2020 samanlikna med tilsvarande periode i 2019 (2019 eksportverdi per kilo 9,51 kr, i 2020 12,68, valutajustert 10,08. I nominelle tal vil det seie ei betring på 128 mill. for torskefisk og 80 mill. for pelagisk gitt voluma hittil i år. Resterande betring i eksportverdi er eit resultat av betra etterspørsel og positiv prisutvikling. Samanlikna med i fjor har ein dermed på ein måte fått i pose og sekk. Er denne utviklinga noko ein også kan vente framover? Der er det nok viktig å skilje mellom kort og lang sikt.

Finn-Arne Egeness skreiv eit godt lesarinnlegg i Fiskeribladet førre veke om koronavirusets effekt for sjømatnæringa. Som Egeness er inne på er det særskilt tiltaka for å hindre smittespreiing som bidreg til å redusere den globale veksten, og ergo vil vekstreduksjonen vere avhengig av kor lang tid det tek før ein får viruset under kontroll.

 

Global vekstreduksjon

Dersom dette spreiar seg til ein global pandemi, som varer ved over tid, vil konsekvensane kunne medføre ein global vekstreduksjon som er større og meir alvorleg. Sanninga er at ein ikkje veit, men at usikkerheita har tilteke og sannsynet for meir negative konsekvensar enn det ein tidlegare såg føre seg har auka. Noko oljepriskollapsen, som skuldast frykt for koronaeffektar og usemje om produksjonskutt i OPEC+, dei siste par dagane er eit bilete på. 

Langvarige og strammare tiltak vil kunne påverke gjennom fleire kanalar. For det fyrste vil det påverke tilbodssida gjennom at mange varer ikkje når fram til marknaden. I form av lukka fabrikkar, lågare produktivitet, mangel på råstoff for vidareforedling, samt utfordringar innan transport/logistikk etc. Det vil ramme etterspørselsida sidan meir bekymra konsumentar i større grad vil reiser mindre, restaurantbesøk vil falle, hushaldningar si sparerate vil auke etc. Og me vil ei periode kunne sjå ei dreiing mot meir heimekonsum, og ergo mot meir ferdigmat og fryste produkt. 

Dei endelege konsekvensane er det vanskeleg og forutseie. Press på volum ei periode synes derimot vanskeleg å unngå, særleg når viruset no byrjar få fotfeste i dei fleste marknadar. På den positive sida, ser det ut til at viruset er på tilbakegong i Kina. Det er trass alt eit lyspunkt for marknadstilgangen. Virusets rotfeste no i dei fleste regionar tyder på at det å få kontroll over smittespreiinga vil dra vesentleg lenger ut i tid enn det ein såg føre seg berre for ei veke sidan. Dei økonomiske konsekvensane i form av lågare global vekst både på kort og lang kan difor bli større enn venta, særleg sidan me ser at virusfrykta har gitt store ringverknader i finansmarknaden. Det vil kunne gi utfordringar både på tilbods- og etterspørsels- sida, truleg samla sett i negativ retning den komande tida både for volum og prisar. 

På kort sikt vil derimot eit press på volum delvis kompenserast i Eksportverdien ved at NOK svekka seg ytterlegare. I Eksportverdi for mars vil svakare NOK kunne gi ein ytterligare positiv effekt samanlikna med januar og februar, der me såg snittkursar mot EUR på 10,03 i perioden, og 9,12 for USD. Hittil i mars har me snittkursar langt høgare, på grunn av korona, kollapsen i oljepris og store bekymringar for verdsøkonomien framover. Svakare NOK vil difor gi eit betydeleg positivt bidrag for eksportverdi per kilo også for mars samanlikna med utgongen av februar. Per tidspunkt i dag måndag 9. mars er NOK over fire prosent svakare mot USD, og sju prosent svakare mot EUR enn snittet for januar/februar i 2020. Det er enorme utslag på ei knapp veke, og vitnar om full panikk.

Koronaviruset veit me ikkje det endelege omfanget av. Slik det ser ut no, må ein stålsetje seg føre at det kan ta tid å få kontroll på viruset, og at ringverknadane det medfører får store konsekvensar for global vekst. Meir bekymringsfullt er det store fallet i oljeprisen, som vil få større konsekvensar for norsk økonomi enn koronaviruset, dersom prisen held seg på 30-talet over tid. Panikkstemninga rår både i valuta-, olje-, børs- og rentemarknaden for augneblinken, og særskilt har dette råka NOK og norske renter, som regelrett har fått juling den siste månaden. Over tid vil nok verda likevel byrje å gå framover att.

 

USA kuttar styringsrenta

Når USA, som trygg hamn, no kutta styringsrenta med 50 bp førre veke redusera det truleg sannsynet for vidare NOK svekking på sikt om me ser noko forbi turbulensen/panikken som no pregar marknaden. USA i vekst, ein sterk USD, og høge amerikanske renter har vore den føretrekte investeringsmarknaden dei siste åra. Dette fordi perioden har vore prega av stor usikkerheit politisk og geopolitisk, jamfør handelskrig/Brexit/Midtausten etc, og kapitalstraumen har vore i favør dei største økonomiane på bekostning av små perifere. Ein særs sterk USD og høge amerikanske renter har nok vore ein vesentleg årsak til svak NOK dei siste åra. Når amerikanske renter no fell, og USD svekka seg til dels bør det potensielt gi betre støtte til NOK over tid. I det minste ei form for stabilisering når marknadsfrykta avtek.

Noregs Bank vil sannsynlegvis ikkje reagere med like kraftig lut som FED i rentesetjinga framover, til tross for dette marknadssjokket koronaviruset og oljeprisfallet har påført. Noregs Bank vil truleg kutte mindre enn FED i eit sånt scenario, har tradisjonelt også gjort det ved diverse marknadssjokk, og marknadsprisinga per tidspunkt prisar allereie inn eit rentekutt og to for dei neste månadane. Ein vil difor truleg behalde ein betydeleg positiv rentedifferanse mot utlandet også framover. Dessutan vil nok finanspolitiske verkemiddel fungere betre i den situasjonen ein no står ovanfor, og der er AS Noreg i ei særstilling med pengar på bok. Dette, samt ei vonleg betring av koronasituasjonen og oljeprisen litt opp og fram vil kunne snu biletet i favør NOK over tid. 

 

Svarte svanar

Ein bør difor ikkje rekne med at eksportverdien per kilo vil behalde den positive NOK effekten som me har sett hittil i år på lenger sikt. Svarte svanar går som regel over etter ei stund, noko som også vil betre situasjonen for oljemarknaden, og verda vil smått om senn byrje gå framover att. I eit sånt scenario vil truleg NOK effekten på eksportverdi per kilo gi eit negativt bidrag. Noko ein knapt har sett dei siste åra på årsbasis. 

Det kan difor vere greitt å ha sikringsgrad på agendaen i disse dagar. Særleg når det gjeld forventa framtidige inntekter i valuta, men ikkje minst også på rentekostnadssida, der marknaden er i fritt fall grunna kollapsen i amerikansk 10-årsrente som det norske fastrentenivået i hovudsak er styrt av. Marknadssjokket gir dermed eit vindauge for eit vesentleg rimelegare rentebindingsnivå for ulike løpetider enn det ein kunne drøyme om for berre to veker sidan.  

Akkurat no er dei fleste i villreie, og vonar berre at dei økonomiske effektane av koronaviruset /oljeprisfallet blir kortsiktige og forhåpentlegvis betre enn frykta. Isolert sett vil det truleg også bidra til eit negativt NOK bidrag på Eksportverdi per kilo, men positivt for volum og pris på mellomlang og lenger sikt.

Nyheter
No items found.