Regjeringa foreslår å støtte det internasjonale forskingsprogrammet GoNorth med 10 millionar kroner i sitt forslag til statsbudsjett for 2023. Det er også lagt opp til å bruke 10 millionar kroner til forsking og forvaltning av havvind og oppdrett til havs.
– GoNorth handlar om å styrke norsk kunnskap om Polhavet, om næringslivet sine moglegheiter, samt om Noreg sin rolle og posisjon som arktisk kyststat og leiande polar- og havnasjon, seier fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran (Ap), i ei pressemelding i samband med regjeringa si framlegging av statsbudsjettet for 2023.
Programmet GoNorth har som mål å bidra til meir kunnskap og vidare kartlegging av havsokkelen lengst nord. Det planlagde toktet i 2023 skal gjennomførast saman med Alfred Wegener-instituttet i Tyskland.
Havvind og hav-oppdrett
Regjeringa foreslår å løyve 10 millionar kroner til Havforskingsinstituttet og Fiskeridirektoratet til styrking av kunnskapsgrunnlag og forvalting for utvikling av havvind og havbruk til havs.
– Skal vi klare å utnytte det fulle næringspotensialet må vi sikre god sameksistens mellom havnæringane. Vi skal utvikle nye berekraftige næringar, samtidig skal dei som bruker havet i dag vere trygge på at dei ikkje blir fortrengde, seier fiskeri- og havministeren.
25 millionar til senter for beredskap på Fiskebøl
Regjeringa foreslår å setje av 25 millionar kroner til vidare forprosjektering av test- og treningssenter for beredskap mot akutt forureining på Fiskebøl. Senteret skal mellom anna innehalde eit innandørs klimaregulert basseng, fire utandørs strandbasseng sprengt ned i fjellgrunnen og fasilitetar for dispergering og brenning av olje. Regjeringa har vurdert nedskalert utbygging og oppdaterte kostnadsanslag for ei etablering i Horten, og har konkludert med at den beste løysinga er å gå vidare med ei trinnvis utbygging av det opphavleg planlagde senteret på Fiskebøl.
Stad skipstunnel vidareførast
Regjeringa foreslår å løyve 76 millionar kroner til vidareføring av forberedande arbeid med prosjektet Stad skipstunnel.
Stortinget vedtok våren 2021 bygging av Stad skipstunnel innanfor ei kostnadsramme på 4 090 mill. kroner. Sidan dette har prisane på fleire innsatsfaktorar i anleggssektoren auka betydeleg. Ein oppdatert kostnads- og framdriftsanalyse visar at ein kan forvente at kostnaden vil auke med om lag 23 prosent. Vidare har kommunane behov for meir tid til å utarbeide utgreiingar og reguleringsplanar for bruken av overskotsmassar frå prosjektet. For å leggje til rette for dette arbeidet blir tidspunktet for anbodsutlysing utsett til hausten 2023.
Ocean Space Centre
Regjeringa foreslår å setje av 1 150 millionar kroner til bygging, utstyr og inventar for Ocean Space Centre. Ocean Space Centre er regjeringas viktigaste prioritering innafor maritim forsking, utdanning og innovasjon. Arbeidet med senteret er i tråd med føreliggande planer. Senteret forventast å være bygd ferdig i 2028.
Les meir om regjeringa sitt forslag til statsbudsjett på regjeringa si heimeside.