This is some text inside of a div block.

Fiskebåt stiller seg positiv til at det det kjem på plass eit sektorovergripande regelverk for marint vern. Samtidig blir det presisert at fiskeri er i ei særstilling, og at for sterkt vern i viktige fiskeområde kan føre til fleire uheldige konsekvensar.


- Fiskerinæringa står i ei særstilling samanlikna med anna næringsaktivitet i havromet, sidan fiskeria haustar av viltlevande ressursar som kontinuerleg endrar seg i storleik og utbreiing. God tilgang på havareal er difor heilt avgjerande rammevilkår for villfisknæringa, skriv Fiskebåt i sitt høyringssvar i samband med forslag til ny lov om vern av marin natur utafor territorialfarvatnet.

Fiskebåt viser elles til at det er viktig å ta vare på marin natur for å sikre velfungerande og produktive marine økosystem, og støttar difor at norske styresmakter har inntatt ei aktiv rolle internasjonalt for å få på plass eit sterkare marint vern.

Norge har slutta seg til den globale «Naturavtalen», som fører til at det vil bli sett i gang fleire verneprosessar også i norske havområde.


Her kan du lese heile høyringssvaret frå Fiskebåt.

Nyheter
No items found.