I kronikken som i desse dagar blir publisert i britiske medier, tar dei to til orde for å ordne opp i den langvarige striden mellom EU, Storbritannia, Færøyene, Grønland, Russland, Island og Noge om korleis makrellkvotene skal fordelast mellom nasjonane.
- Makrellbestanden forvaltast ikkje berekraftig i Nordaust-Atlanteren, trass kunnskap og intensjonar om det motsette. Mangelen på semje har ført til eit betydeleg overfiske det siste tiåret, skriv dei to i kronikken.
Her kan du lese kronikken i the FishFocus
Her kan du lese kronikken i The Skipper
Hert kan du lese kronikken i The Fishing Daily
Forhandlingane mellom kyststatane om kvotene for 2022 startar i Lodon tysdag 19.oktober. Der vil Jonny Berfjord og Audun Maråk vil vere til stades som representantar for Norges Fiskarlag. Veka etter er det forhandlingar om norsk vårgytande sild og kolmule.
Fornøgd med årets regulering
Maråk er fornøgd med årets makrellregulering.
- Fiskebåt, saman med norske fiskeristyresmakter, ser ut til å treffe innerblink med makrellreguleringa. La oss håpe at også kystflåten får betre tilgjengeligheit i dagane som kjem, og at også verforholda spelar på lag. Norge vil uansett fiske mellom 90 og 100 prosent av makrellkvota, og ei eventuell restkvote vil kunne overførast til neste år. Med lærdomen frå i år, vil Norge ha null problem med å fiske 35 prosent av TAC (totalkvota) på makrell. Mange norske fiskarar gir uttrykk for at dei foretrekker årets makrellregulering, framfor den vi hadde tidlegare år. Dette har sjølvsagt samanheng med at den tidlegare andelen på 22,5 prosent til Norge, er altfor lavt i forhold til dei vitskaplege data vi har om makrellbestanden, seier Maråk.
Sonetilgang og fordeling
Utfordringene i forhandlingene er særleg spørsmålet om gjensidig tilgang til landa sine fiskerisoner og andelsfordelingen.
- Forhåpentlegvis innser Storbritannia at dei er tent med felles sonetilgang med Norge. Ikkje berre for makrell, men generelt på pelagiske artar og botnfisk. Ein allianse mellom Norge og Storbritannia er det som på lengre sikt kan gi best resultat for Storbritannia og Norge når det gjeld den framtidige makrellfordelinga og forvaltninga av fellesressursane i Nordsjøen. I Fiskebåt sine møte med den britiske fiskeriministeren, og våre søsterorganisasjonar i Storbritannia, har dette vore eit sentralt punkt i samtalane, seier Maråk.
Maråk presiserer at makrellen si tilhørigheit til farvatna i Storbritannia og Norge er og har alltid vore sterk.
- På motsatt side har vi Island og delvis Færøyane, med historisk lite eller ingenting av makrell i eigne farvatn. I tillegg har vi sjølvsagt internasjonalt farvatn der Russland har auka sitt fiske, saman med blant andre. Island og Færøyne.