This is some text inside of a div block.

Fiskeridirektoratet mottok påmelding fra i alt seks konvensjonelle havfiskefartøy som ønska å delta i dette fisket. I dag har dei gjennomført loddtrekninga for å velge ut to fartøy til kartleggingsfisket, der Geir kom på førsteplass. 

 

Resultatet av loddtrekninga er som følgjer: 

Geir, M-123-A

Veidar, M-1-G

Loran, M-12-G 

O. Husby, M-161-AV

Kap Farvel, M-206,A

Leinebris, M-505-HØ 

 

Dei to første fartøya på lista vil få brev med tilbod om deltaking i fisket. Dersom desse fartøya likevel ikkje skulle ønske å delta, vil dei andre fartøya få tilbod. Fisket kan foregå i perioden 10. september – 31. desember.

Geir har vore med på dette fisket to gongar tidlegare. I fjor gjennomførte dei to turar og hadde med seg 300 tonn torsk frå haustturen. For 2021 har Nærings og fiskeridepartementet fastsatt ei kvote på 600 tonn for dette fisket, der 20 tonn er avsett til bifangst i andre fiskeri.

Les også;

Geir fekk med seg 300 tonn Jan Mayen-torsk

 

Kvota dei fiskar på er ei forsøkskvote der målet er å finne meir ut av denne torsken. Det heile starta med eit prøvefiske av Loran i 2018, då dei overraskande fekk store mengder med torsk. Dette fekk forskarane til å undre seg over om det var snakk om ein eigen bestand som lever her. Deretter har det blitt tatt mange prøver, og på den siste turen til Geir var det også med ein forskar frå Havforskingsinstituttet for å ta prøver av fangsten.

 

Les også;

Nytt kartleggingsfiske ved Jan Mayen

Kartleggingsfiske ved Jan Mayen

Forskar vidare på den gåtefulle Jan Mayen-torsken (ekstern lenke)

Spennende fiskeri ved Jan Mayen

Framleis usikkert kvar Jan Mayen-torsken høyrer heime

Nesbakk og Geir II til Jan Mayen

Nyheter
No items found.