This is some text inside of a div block.

Det er foreslått at CO2-avgifta skal aukast.

– For å hauste erfaringar av den gjeldande kompensasjonsordninga for fiskeflåten, vil nedtrappinga av kompensasjonen utsettast. I lys av forslaget om å auke CO2-avgifta vil regjeringa auke kompensasjonen frå 255 til 305 millionar kroner, seier fiskeri- og sjømatminister Odd Emil Ingebrigtsen i ei pressemelding.

 

Sterkare incentiv

For fiskerinæringa vil opplegget samla sett gi sterkare incentiv til reduserte utslepp, samstundes som auka i den samla avgiftsbelastninga blir redusert.

– Med ei forlenging av kompensasjonsrodninga vil fiskeflåten få betre tid til å finne gode innretningar på korleis CO2-avgifta kan tilbakeføras til flåten og stimulere til grøn omstilling. Regjeringa har ein ambisiøs klimapolitikk, som blant anna omfattar mål om å halvere utslepp frå innanriks sjøfart og fiske innan 2030. For å nå desse måla må utsleppa frå fiskeflåten reduserast i åra som kjem, seier den avtroppande fiskeri- og sjømatministeren.

Regjeringa har vedteke at kompensasjonsordninga skal delast inn i tre grupper, som vil bestå av kystflåten, havflåten og kystrekeflåten.

Nærings- og fiskeridepartementet vil opprette ei arbeidsgruppe med mellom anna representantar frå fiskeflåten for å vudere denne innretninga.

 

Nyheter
No items found.