Juryen hadde ingen lett jobb med å plukke ut dei ti beste bilda frå fotokonkurransen som blei avslutta 1. desember. Kvaliteten var stort sett veldig god, og med mange flotte motiv.

«I juryen si vurdering heiter det; Fotografen av vinnarbildet har fanga ein situasjon der ver og lysforhold er med på å bygge opp under stemninga i bildet. Det dystre inntrykket blir forsterka av kontrasten mellom eit moderne fiskefartøy og den gamle sjøbua. I tillegg får fotografen også fram kontrasten i veret. Solstrålane som prøver å trenge gjennom det massive gråværet»

Her får vinnaren Jon Forberg overrekt premien (eit NikonD3400) av Terje Molnes i Marint kompetansesenter.

 

Det er Marint kompetansesenter og Fiskebåt som har samarbeid om fotokonkurransen. Vinnaren har no fått premien som er eit Nikon D3400-kamera. Andreplassen er eit gåvekort på kroner 2000, som gjekk til Vegar Skare frå Ørsta. Tredjeplassen, eit gåvekort på kroner 1000 gjekk til Eivind M. Sævik frå Herøy.

Dei som kom på 4. til 10. plass får ein pakke med diverse profileringsprodukt frå arrangørane.

Her følgjer resultatlista i uprioritert rekkefølge;

1.plass

Jon Forberg

2.plass

Vegar Skare

3.plass

Eivind M. Sævik 

4 til 10 plass

Kurt O. kvalsvik

4 til 10 plass

Ronny Johansen

4 til 10 plass

Karl-Petter Adolfsen

4 til 10 plass

Trond Refsnes

4 til 10 plass

John Martin Johnsen

4 til 10 plass

Sebastian Gundersen

4 til 10 plass

Håvard Vatn Longva

 

På vår Facebook-side kan du sjå alle topp-10-bilda.