Kolmulefisket foregår med flytetrål på store djup, noko som fører til ekstra utfordringar med å berekne kor stor fangsten er, og hindre at trålsekken bli sprengt når den når overflata. No kan forskarane i samarbeid med fiskeflåten vere nærare gode løysingar for å unngå desse problema.

I mars var ei gruppe havforskarar med den pelagiske trålaren Vikingbank på kolmulefiske vest for Irland. Dette er det andre toktet med Vikingbank etter at prosjektet starta i 2017. I tillegg har forskarane reist med fleire fiskebåtar i perioden.

- For oss er det viktig å bidra til dette arbeidet, og vi ser at det gir oss betre løysingar. Vi har også eit veldig godt samarbeid med forskarane, og blir i svært liten grad hemma i fiskeriet, seier skipper på Vikingbank, Anders Klovning.

 

Samarbeid

Prosjektet kom i gang etter initiativ frå nettopp fiskarane og blei eit samarbeid mellom Havforskingsinstituttet (HI),Fiskeri- og havbruksnæringens forskningsfinansiering (FHF) og Fiskeridirektoratet.

- Målet har vore å finne metodar for å berekne og regulere fangsten, slik at ein unngår å sprenge sekken. Det er også ein stor fordel om ein kan regulere kor mykje fisk som er i halet før ein tar den opp, slik at fiskarane blir meir treffsikre på fangstmengdene og dermed kan tilpasse fangstane betre i forhold til kva dei har plass til om bord, seier Olafur Arnar Ingolfsson, forskar ved HI.

 

Fekk gode resultat

Alle tokta i prosjektet har vore på båtar som har vore i aktivt fiske. På den måten har forskarane kunne teste ut teoriane sine under praktiske forhold. Representanter frå Havforskningsinstituttet og Fiskeridirektoratet var med på det siste toktet med Vikingbank i mars, og seier dei fekk gode resultat på denne turen.

 

Alle tokta har blitt gjennomført under ordinært fiske. (Foto: Vikingbank).

 

- Ja, vi har fått gode resultat, men det er enno mykje meir vi har lyst til å finne ut av. Vi har mellom anna prøvd ut ei løysing med langsgåande spaltar på trålsekken. Desse er tre til fire meter lange, og opnar seg når sekken fyllast opp og presset aukar. Dette i tillegg til ei stor opning nederst i trålsekken og fleire spaltar i toppen, gjer at overflødig fisk kjem seg ut, seier Ingolfsson. Det er tydelig at kolmula søker opp, men i liten grad går ned. Slik informasjon er veldig nyttig for å kunne utforme eit fangstutslepp som ikkje resulterer i fangsttap før sekken er fylt opp.

Det er også prøvd ut ein «fiskelås» som fungerer som ein einvegsventil, der fisken kan passere. Dette er likevel ei løysing som treng meir utprøving før den fungerer optimalt.

 

Utvidar trålsekken

Forskarane har også prøvd ut ein «sekkutløysar», som brukast for å bestemme volumet i sekken etter behov. Viss trålsekken til dømes rommar 800 tonn, men gjenståande lastekapasitet kun er 400 tonn, blir sekken snurpa saman på midten slik at den berre har plass til 400 tonn. Denne innsnurpinga kan opnast automatisk når den er på til dømes 150 meter, og det blir dermed dobbelt så god plass i sekken. Dette er ei enkel og god løysing og eit godt tiltak for å hindre at den sprenger seg på veg opp, fortel Ingolfsson. Førebelse resultat tyder på at oppstigninga blir meir kontrollert ved bruk av utløysaren som ein også merkar med at det blir mindre påstand på wire og vinsjar.

 

Sekkeutløysaren blir montert på trålsekken og løyser seg på ei gitt innstilling. (Foto: Vikingbank).

 

Uønska bifangst

Ei anna utfordring med kolmulefisket er uønska bifangst. På mars-toktet kom det både tunfisk og hai i trålposen. Nokre av desse blei berga og slept ut igjen, men ifølge Ingolfsson er dette er eit problem som ein bør prøve å finne betre løysingar på.

- Dette kan vere raudlista artar som ein difor ikkje bør få i fangsten. Er ein likevel uheldig å få store dyr i fangsten, kan det føre til problem med ustyret om bord. Blant anna er det ikkje alltid like lett å få dei ut av sekken, og pumpene er ikkje berekna for slike fangstar. Så her har vi ein jobb å gjere med å prøve å finne gode løysingar for å handtere dette, seier Ingolfsson.

Etter planen skal prosjektet ferdigstillast i løpet av året, men sjølv om budsjettet snart er brukt opp er det framleis mange utfordringar som ein ikkje har svar på.

Skipperen på Vikingbank ser også gjerne at prosjektet blir utvida.

- Ja, det er til stor fordel for alle partar om vi får meir data og får prøvd det ut i større skala. Vi har no sett at metodane fungerer, så dette er nok vegen å gå, seier Anders Klovning.

 

Her kan du lese meir om prosjektet;


Fangstkontroll i fisket etter kolmule 


Les meir og sjå film frå eit av tokta