- Vi har alltid vore glad i fisk, men no har vi nok blitt enda meir merksame på kva vi har på middagsbordet, seier Charlotte Murphy.

Ho driv den lokale puben, og saman med mannen og dottera på 11 år, er dei no med på kampanjen SeaChange, som skal gjere britane meir bevisste på at fisk både er sunn og berekraftig mat.

 

Får levert kasse med norsk fisk

I tre veker får dei levert ei matkasse på døra med norsk fisk, og med oppskriftrer på korleis dei kan tilberede den. Matkassa inneheld tre middagar, og gjennom perioden blir familiane følgt tett opp, om korleis dette fungerer.

- Normalt har vi hatt to til tre fiskemåltid i veka. Mykje av det er laks, men også ein del tunfisk og reker. Eg er veldig glad i laks, men likar også godt kvitfisk. Og det kan det bli meir av no, når eg får gode oppskrifter, for utfordringa er å tilberede den på ein god måte, seier Murphy.

Dei ti familiane som er valt ut i kampanjen representerer gjennomsnittet. av britiske familiar. I byen Letchworth Garden City pendlar dei fleste til jobb i London, som er ein 40 minutters togtur unna.

- Både eg og mannen min har blitt meir opptatt av berekraft, og vi har fokus på kvar fisken kjem frå. Eg er også villig til å betale meir for maten, når eg veit meir om kvar den kjem frå, seier ho.

 

Nasjonalrett

Fish and chips, som kan seiast å vere britane sin nasjonalrett, er ikkje så ofte på middagsbordet til familien Murphy.

- Vi et kanskje fish and chips fire til fem gongar i året, men vi har ein litt spesiell familietradisjon. Vi har nemleg alltid fish and chips som nyttårsmiddag. Akkurat det er nok ikkje så vanleg, sier Murphy.

 

Fish and chips er ein populær rett i Storbritannia. Foto: Odd Kristian Dahle/Fiskebåt.

 

Målet med kampanjen til Sjømatrådet er å få bodkskapen til å spreie seg til resten av landet. Det er difor tett oppfølging i sosiale media, og ei rekke arrangement som set norsk fisk på dagsorden.

 

Barnekampanje

Det er småbarnsfamiliar som er målgruppa, og det er difor også laga eit opplegg for barn, fortel Tove Sleipnes i Sjømatrådet.

- Britiske barn skal også få lære om fisk i skulen gjennom en britisk versjon av den norske kampanjen - "Fiskesprell", seier Sleipnes.

I Storbritannia blir kampanjen kalla «Shcool of fish», og har ein pakke til barn som inneheld teiknesaker, puslespel, enkle oppskrifter og buttoms.

 

SeaChange har ein eigen kampanje som er retta mot barn. Foto: Odd Kristian Dahle/Fiskebåt.

 

Les også;

Tøffe tider for Fish & Chips

Sjømatrådet med unik bærekraftskampanje i Storbritannia.