Trålen er på veg ut, og dei fire på tråldekket på Ramoen står trygt plassert bak sperreveggane medan kjettingar og wirar forsvinn ut av båten og ned i den iskalde sjøen. Karane har gode rutinar for kva dei skal gjere, og kvar dei til ei kvar tid skal stå å jobbe. Eit lite feilgrep kan vere fatalt.

Ein av dei er Simon Voldsund, som er inne i sitt andre år som lærling om bord i fabrikktrålaren Ramoen. Denne turen går til området rundt Bjørnøya nord i Barentshavet for å fiske resten av torskekvota.

Arbeidet på tråldekket kan vere farleg, viss ein slurvar med dei strenge tryggleiksrutinane. (Foto: Odd Kristian Dahle/Fiskebåt).

 

Fagbrev til våren

Til våren er 19-åringen klar for å avlegge fagprøve som fiskar. Då har han vore to år som lærling om bord i Ramoen. Kva som då skjer har han ikkje tatt stilling til enno.

- Nei, eg har ikkje det. Eg trivs veldig godt om bord i Ramoen og med jobben. Her er ein låg gjennomsnittsalder og eit svært godt miljø. No får eg først ta fagbrevet, så får vi sjå kvar vegen går vidare, seier han.

Med fagbrev som fiskar er det mange vegar vidare.

 

Lærlingetida er snart over. Til våren får Simon Voldsund fagbrevet. (Foto: Odd Kristian Dahle/Fiskebåt).

 

- For meg kan det vere aktuelt å gå vidare på skule for å bli styrmann, men det kan også vere eit alternativ å gå vidare med studiekompetanse. Eg tar det litt som det kjem, men først skal eg ta fagbrevet, så får eg sjå om eg går vidare med fiskeri eller finn på noko anna, seier Simon Voldsund.

 

Tryggleiken er viktig

På tråldekket skranglar det i kjettingar og store stålkuler, når den store trålposen er på veg ut og ned i sjøen.

- Tryggleiken er heile tida høgt prioritert. Særleg for oss som er på tråldekket er det viktig at vi er drilla i gode rutinar. Her er store krefter i sving, og når vi i tillegg har uroleg sjø må vi vite kva vi gjer, seier Voldsund.

Arbeidet på dekk går ut på å få ut trålen når det skal fiskast, tøme den for fisk når den blir trekt inn igjen, og bøte eventuelle skadar som oppstår.

- Det er stor variasjon i arbeidet, og så likar eg å vere ute. Det er friskt sjølv om det enkelte gongar kan vere surt når det stormar som verst, seier Voldsund.

Mellom slaga har dei sitt eige pauserom ved sida av tråldekket, som dei kallar for «naustet». Der har dei i tillegg til kaffi, både verktøy og reservedalar som dei treng for å reparere trålen når det trengs.

 

Tøffe vakter

Om bord i Ramoen går 19-åringen sekstimars-vakter. Seks timar på jobb, og seks timar kvile. Slik går turnusen døgnet rundt for dei fleste om bord. I tillegg har nokre av mannskapet såkalla «kick-vakter», som betyr at dei må trå til på frivaktene sine.

- Dei vaktene er nokså heftige, men ein venner seg til det meste og finn ein rytme sjølv om det er hardt arbeid heile tida. Seks timar på frivakt går uansett veldig raskt. På den tida skal eg få meg mat, ringe heim av og til, vaske kle og enkelte gongar vaske lugaren, og ikkje minst sove nokre timar. Så det blir ikkje tid til så mykje anna, bortsett frå litt kortspel og enkelte gongar ser vi ein film i lag, seier Voldsund.

Premien er at etter ein fem-veker-tur på sjøen så ventar det også fem veker med fri heime, og den tida brukar han effektivt.

- Ja, då er eg mykje i lag med kameratar og brukar ein god del tid i lag med kjærasten min. Med fem veker fri er det mogleg å finne på mykje artig. Siste tida har eg også brukt tid på ta påbyggingsfaga som eg tar som privatist, seier han.

 

Ein fin gjeng

Men om bord i Ramoen og for gjengen på dekk går det jamt heile tida. Dei får heller ikkje noko kvileskjer når trålen er ute. Då må dei hjelpe til i fabrikken for at produksjonen skal vere mest mogleg effektiv.

- Her må alle hjelpe til i alle ledd. For å sikre den gode kvaliteten er rask innfrysing av fisken viktig, så difor må vi hjelpe til slik at fisken blir bearbeida og kjem på fryselageret så raskt som mogleg. Såleis blir det også god lagånd blant mannskapet, seier Voldsund.

 

Alle må hjelpe til i fabrikken slik at fisken kjem raskt gjennom og held kvaliteten. (Foto: Odd Kristian Dahle/Fiskebåt).

 

Vaffelhjarte

Og det å jobbe i lag i team lærte han tidleg. For nokre år tilbake hadde han nemleg ei karriere som skodespelar i barne-TV-serien Vallelhjarte som byggar på romanen til Maria Parr. Her hadde han ei av hovudrollene som «Trille».

- Eg har vel lagt skodespelarkarriera på hylla, men eg lærte mykje av å vere med i den serien. Ikkje minst lærte eg kor viktig det er med team-arbeid og god arbeidsmoral. Det er noko eg eg har nytte av i jobben her om bord i Ramoen også.

 

Samarbeid er viktig om bord. (Foto: Odd Kristian Dahle/Fiskebåt).