Romi Sandhu driver Fish and Chips-shopen Rocks fryer i byen Letchworth med sine 22 000 innbyggarar nord for London. Dei fleste som bur I Letchworth dagpendlar til London.

- Prisen ut til kundane er 8,75 pund, men prisane inn til meg har auka dramatisk både på fisken, potetene og oljen som eg brukar i produksjonen. Berre sidan januar har prisane på filet auka med rundt 40 prosent. I tillegg er det vansklegare å få tak i fisk, seier Sandhu.

 

Foto: Odd Kristian Dahle/Fiskebåt.

Går mest med torsk

Årsaka er at det er langt mindre russisk fisk i omløp, som ein følge av krigen i Ukraina. I dag der det Islandsk torsk som står på menyen, men det varierer alt etter kva ein får tak i. Kvar veke omset han rundt 150 kilo med filetar.

- Her i distriktet er det mest torsk det går i, men eg sel også ein del hyse. Lenger nord er det mest hyse som er populært, seier han.

Romi Sandhu viser fram torskefiletane som skal bli til Fish & Chips. Foto: Odd Kristian Dahle/Fiskebåt.

 

I Storbritannia var inflasjonen i april på ni prosent som er den høgste på 40 år, ifølge Reuters.

 

Berekraft

I 2021 eksporterte Norge 83.000 tonn torsk og 33.000 tonn hyse til Storbritannia. Britane importerer store mengder norsk fisk. Og berekraft blir stadig viktigare for dei britiske kundane. Ifølgje Julie Waites i bransjeorganisasjonen FASFA, vil 66 av britiske konsumentane at restaurantar skal fokusere meir på berekraft. Waites besøkte nyleg Norge og Ålesund, der ho deltok på Ombordfrystkonferansen, og møtte den norske fiskerinæringa.

Berekraft er også sentralt i Sjømatråde sin kampanje SeaChange som no går over tre veker.

- Fokus i kampanjen er på berekraft og at fisk er blant dei meste berekraftige matkildene vi har. Sjømat blir ofte gløymt i diskusjonen mellom raudt kjøt og vegetar, seier Tove Sleipnes i Sjømatrådet.

 

Tove Sleipnes i Norges Sjømatråd. Foto: Odd Kristian Dahle/Fiskebåt.
 

Kampanjen går over tre veker og det er mange aktivitetar rundt om i byen Lechtworth. I tillegg er 10 familiar med på kampanjen, der dei kvar veke får levert ein boks med fisk og oppskrifter som dei kan lage. Dei vil dereter bli følgt opp gjennom spørreundersøkingar  og intervju for å måle effekten av kampanjen.

- Dette er eit pilotprosjekt, som vi skal evaluere grundig i etterkant. Viss det blir vellukka er dette noko vi også kan gjere i andre marknader, seier Sleipnes.

 

Her kan du lese meir om kampanjen til Norges sjømatråd.

 

Les også; Sjømatrådet med unik bærekraftskampanje i Storbritannia.