Oppmodinga var svært aktualitet etter at styresmaktene i går måtte innføre nye restriksjonar i samfunnet.

- Heldigvis har det vore få episodar med koronasmitte om bord på fiskefartøya. Dette skyldast nok at rederia har teke situasjonen på alvor, strenge rutinar har gitt resultat. Pandemien har også demonstrert næringa si omstillingsevne. Medan mange andre bransjar har mottatt støttebeløp og spesialordningar, har vi i fiskerinæringa klart oss sjølv, og fortsett å skape verdiar for kysten og landet, sa styreleiaren.

 

Miljøutfordringar

I talen var Leinebø innom store delar av fiskeripolitikken og utfordringar i samband med omstilling som følgje av det grøne skiftet.

- Eg er absolutt tilhengar av det grøne skiftet, men eg fryktar at avgiftspolitikken vil kunne bidra til å gjere det grøne skiftet vanskelegare. For vil vi klare å omstille oss dersom store delar av overskotet skal brukast til å betale avgift? Veit vi kva alternative energikjelder ein bør velge? Kva skal vi kjøpe når det ikkje er utvikla enno? Eg trur vi hadde brukt mykje pengar på ny teknologi utan utslepp om den fantes, sa Leinebø i talen til årsmøtet.

Unnskyld til dei som føler seg trakkaserte

I haust har det vore fleire mediesaker om kvinner som har opplevd trakassering om bord på norske fiskefartøy.

- Desse historiene er opprørande. På vegne av alle oss som eig fiskebåtane vil eg be om unnskuldning til dei som føler seg trakasserte om bord. Eg vil oppfordre alle medlemmar om å bekjempe alle formar for trakassering om bord. Alle fiskarar, både gutar og jenter, skal ha eit trygt og godt arbeidsmiljø, sa Leinebø.

 

Les også;

Gir seg etter åtte år – nye utfordringar ventar

 

Under kan du lese heile talen til styreleiar Paul Harald Leinebø

 

Styreleiar Paul Harald Leinebø sin tale til årsmøtet i Fiskebåt Vest, 3. desember 2021

Kjære alle saman. Tradisjonen tru, skal vi starte med å minnast dei av våre kollegaer som har gått bort i løpet av året. Vi minnast desse ved å reise oss i eit minutts stillheit.

Gode forsamling. Velkommen til Ålesund og det åttande ordinære årsmøtet i Fiskebåt Vest. Etter snart to år med koronapandemi og sosiale begrensningar, er eg glad for at vi igjen kan møtast til eit tradisjonelt årsmøte. Årsmøtet har alltid vore årets høgdepunkt for foreininga vår, og heldigvis lot det seg gjere å samlast i år, og det er oppriktig kjekt å sjå dokke alle.

Men. Pandemien er ikkje er over, aukande smittefare igjen, så vi må alle saman ta forhandsreglar under møtet. Borda våre er sett opp med éin meters avstand og det er godt med handsprit rundt om i lokalet. Unngå handhelsing – bruk heller olbogen. Og visst nokon føler for det kan ein også ta på munnbind. Dykk finn munnbind på bordet bakerst i lokalet. I tillegg vert alle som er her registrert for smittesporing. Så lenge vi overheld desse reglane, er eg trygg på at det skal gå heilt fint.

For at alle skal kunne følge møtet, også dei av oss som er aktive på sjøen, har vi i år lagt opp til videostrømming av møtet. Så det er berre å smile til kamera folkens.

Vi er kome til årets siste månad og skal på nytt oppsummere året vi legg bak oss. Det har vore eit godt og spennande, men også krevjande år på fleire område. 

Også i år har smitteverntiltaka i samband med koronapandemien vore ein konstant usikkerheitsfaktor og innebær ekstra arbeid for rederia. Eg synes at Fiskebåt har vore flinke til å halde medlemmane oppdatert.

Ei av problemstillingane rederia har stått overfor i haust er at enkelte fiskarar ikkje ønskar å ta vaksina. Det er som kjent frivillig, men eg vil likevel kome med ei klar oppfordring til alle landets fiskarar: Ta vaksina! Utan å vere vaksinert, utset ein både seg sjølv og andre for større risiko for å bli sjuk. Og skjer dette langt til havs kan konsekvensane fort bli store, både for mannskap og rederi. 

Heldigvis har det vore få episodar med koronasmitte om bord på fiskefartøya. Dette skyldast nok at rederia har teke situasjonen på alvor, strenge rutinar har gitt resultat. Pandemien har også demonstrert næringa si omstillingsevne. Medan mange andre bransjar har mottatt støttebeløp og spesialordningar, har vi i fiskerinæringa klart oss sjølv, og fortsett å skape verdiar for kysten og landet. Det er kjempebra!

Koronapandemien har hatt betydelige maknadsmessige konsekvensar, og vi var spent på korleis det ville utvikle seg ved årets start. Med auka kvotar både på torsk, sei, hyse, nvg-sild og ikkje minst makrell var det knytta uro til om marknadene ville klare å handtere et auka kvantum og korleis prisane ville bli. Heldigvis har vi sett ei gradvis betring av etterspørselen for dei fleste artane og stigande prisar, og mykje tyder på at det vil bli ein ny rekordomsetning i år. Og fleire fiskeslag oppnår rekordprisar. Pelagisk har allereie rekordomsetnad.

Det er sjølvsagt gledeleg, men fangstkostnadene har nok stige betydelig i år. For i år har vi verkeleg måtte arbeide for å få opp kvotane, både i pelagisk sektor og i torskesektoren, og vi er enno ikkje i mål.

Eg synest vi skal vere glade for at vi etter nesten to år med pandemi står i ein så sterk posisjon som vi gjer. Folk spiser fisk. Og det går godt for oss. Det skal vi ta med oss inn i julefeiringa og vere stolte over norsk villfanga kvalitetsfisk er ettertrakta som mat over heile verda.

Vi kjem heller ikkje utanom å nemne brexit. Frå første 1. januar i år vart Storbritannia fri frå EU. Til tross for fleire forhandlingsrundar vart ikkje Norge og UK einige om ein fiskeriavtale. Konsekvensen av dette blei at norske fiskarar mista sonetilgang og kvotar i UK-farvatn. Fiskarane på vestlandet er hardast ramma av dette. Mykje fisk har gått tapt for fiskebåtane, mindre fisk er landa i vårt område og mindre fisk til fiskeindustrien her, og færre tenester å yte til flåten.

Det viktigaste no må vere å arbeide for at årets situasjon ikkje vedvarer, og at vi kan fiske der slik vi alltid har gjort. Viss resultatet likevel ikkje blir slik vi håpar, må vi ha ein ytterlegare gjennomgang av korleis situasjonen berører alle fartøygrupper som har fiska i UK-farvatn, og forsøke å finne balanserte løysingar. Spørsmålet om kompensasjon er ei vanskeleg sak. Dette blir ikkje enkelt, men dersom vi brukar den krafta som ligg i organisasjonen, trur eg vi kan lykkast.

For pelagisk sektor har det vore eit svært spesielt år særleg for makrellfisket utan UK-sona.

Men med iherdig innsats ser flåten ut til å lukkast med å ta opp eit rekordkvantum likevel. 

Eg håpar at innsatsen kan bringe oss vidare, ikkje berre i forhold til å få reetablert soneatilgangen i UK-sonen, men også å få på plass effektive kyststatsavtalar for alle nøkkelbestandar. Dei siste tiåra har kyststatane samla overfiska desse bestandane med betydelige kvantum, og det bekymrer meg.  Kyststatane burde ha tillatt gjensidig soneadgang slik at fisket kan skje effektivt, og med minst mogleg miljøpåverknad.

Også for torskesektoren har det vore eit annleis år. På grunn av lave kvotar på kvitfiskbestandane i Nordsjøen og manglande tilgang til UK-sona har det meste av aktiviteten vore i Barentshavet.

På same måte som for pelagisk sektor har vi i år fått ei kraftig påminning om at kvotar ikkje er det same som pengar i banken. Tilgjengeligheita på både torsk og særleg hyse har vore dårleg i haust, og det gjenstår framleis kvotar. Det har ikkje gjort situasjonen lettare at det i år har vore mange militærøvingar i Barentshavet, særleg i russesona. Og ein misil eller torpedo på tvera ved Bjørnøya med mange båtar i aktivt godt fiskeri var frustrerande. 

Slik det ser ut no vil havfiskeflåten kome i mål med kvotane sine. Det er uansett positivt at Norge og Russland blei einige om å utvide overføringstilgangen til 15 prosent, ikkje minst for den minste flåten.

Eit lyspunkt kan seiast å vere at relativt mange trålarar prioriterte rekefisket i år, og det har blitt landa nesten 10.000 tonn meir enn i fjor. Gode prisar og betre tilgjengeligheit er forklaringa på dette. Situasjonen viser at det ikkje er mangel på kapasitet berre prisane og fangstratane er der.

Men det store bildet er altså at fangstinnsatsen i år har auka betydelig. Oljeforbruket har nok gått opp for dei fleste av oss. Dette skjer i ei tid då vi skal bruke mindre olje. Regjeringas klimamål er å redusere utsleppet av klimagassar med 50 til 55 prosent innan 2030. Det store spørsmålet blir då korleis vi skal klare å omstille fiskeflåten til å forbruke mindre fossilt brennstoff? Dette skal vi ta for oss under sak 5 i dag, og vi har fått med oss eit spennande panel beståande av Thina Saltvedt frå Nordea, Sigurd Teige, Jan Kleven frå Bunker Oil, Inge Bertil Straume frå Skipsteknisk. I tillegg deltek Jan Ivar Maråk frå Fiskebåt.

Det skjer svært mykje på dette området og utviklinga går fort. For berre nokre veker sidan kunne vi lese om nye «Loran» som vil bli det første havgåande fiskefartøyet i verda som skal bruke hydrogen. Det er kjempespennande og eg er stolt over at initiativet kjem frå ein i våre rekker. 

Eg vil her nytte høvet til å gratulere alle i foreininga som har fått nybygg i år og har nye skip under bygging, alle med moderne løysingar for mindre utslepp.

Samtidig er eg uroa over korleis omstillinga skal skje for dei som ikkje skal bygge nytt dei næraste åra. Vi må ha ein klimapolitikk som legg til rette for at også dagens flåte skal kunne brukast, og som baserer seg på at tilgjengelege ressursar skal fiskast, også såkalla marginale fiskeslag. Fisk er tross alt det mest klimavenlege animalske proteinet som finns, så det å satse på fiskeria er i seg sjølv eit klimatiltak. Vi ser at CO2-avgifta gradvis aukast og dette gir grunn til bekymring.

Eg er absolutt tilhengar av det grøne skiftet, men eg fryktar at avgiftspolitikken vil kunne bidra til å gjere det grøne skiftet vanskelegare. For vil vi klare å omstille oss dersom store delar av overskotet skal brukast til å betale avgift? 

Veit vi kva alternative energikjelder ein bør velge? Kva skal vi kjøpe når det ikkje er utvikla enno?   Eg trur vi hadde brukt mykje pengar på ny teknologi utan utslepp om den fantes.

Våre konkurrentar har ikkje CO2-avgift. Korleis klarer vi oss i ein internasjonal konkurranse når vårt drivstoff er dobbelt så dyrt som for dei andre? Og kva skjer med verdiskapinga langs kysten dersom all bunkring i framtida skal skje til havs eller i utanlandsk hamn?

Eg trur vi treng ein forpliktande avtale med staten som har eit realistisk forhold både til kostnader og teknologiutvikling. Og gode støtteordningar i verkemiddelapparatet som bidrar til å fordele risiko og meirkostnader ved å velge nye løysingar.

Fiskebåt tok i haust initiativ til ein klimaavtale mellom myndigheitene og næringa. Eg er glad for at den nye regjeringa har varsla at det skal inngås partnarskap med næringa. La oss håpe at det ikkje berre er ord.

Så vil eg ytterlegare utfordre norske myndigheiter til å få bygd ut nødvendig infrastruktur for stasjonar for lading av straum, landkablar, LNG – og ammoniakkfylling, etc. eller nye drivstoff alternativ langs heile kysten. Ein viktig logistikk for fiskeflåten vert å både kunne levere fisken, samt utruste i same hamn og til ein forsvarleg pris.

På det politiske området har året naturlegvis vore prega av spenning knytt til stortingsvalet. Vi er spent på korleis den nye regjeringa vil følge opp prosessen med å endre kvotesystemet som vart innleia av den forrige regjeringa. I regjeringserklæringa varslast det ei ny kvotemelding. Den nye kvotemeldinga skal blant anna avklare vilkåra for tilbakefall av strukturkvotar, og bestemmelsane for overgang frå heimelslengde til faktisk lengde.

Vi går altså inn i ein ny periode med utgreiingar og kvotemelding, og dette har eg blanda følelser til. På den eine sida skulle eg ønske at ein no fullførte det løpet som var starta , slik at vi kan få avklaringar. På den andre sida tenker eg at dette kan vere ei ny anledning for å få på plass ei brei og tverrpolitisk einighet om kvotepolitikken, og løysingar som står seg. 

Skal dette lukkast må regjeringa samarbeide også med opposisjonen, og eg håper dei vil gjere det. 

Som ny fiskeri- og havminister har vi fått Bjørnar Skjæran. Vi kjennar han ikkje frå tidlegare, men inntrykket er at han er sunn og frisk, med engasjement og har ei open innstilling. Vidare synes eg det er svært positivt at han har fått med seg Vidar Ulriksen på laget som statssekretær. Ulriksen har solid kunnskap og erfaring om næringa, og veit godt kva næringa betyr for vår landsdel. Eg er veldig glad for at Vidar takka ja til å kome på møtet, og vi ser fram til å høyre kva han har å fortelle.

Fiskeripolitikken skal vi debattere i neste sak, men eg vil nytte høvet til å kommentere litt på eitt punkt i den nye regjeringserklæringa. Her står det nemleg at den nye kvotemeldinga skal sikre at kvotene fordelast på ein «forutsigbar og meir rettferdig måte.» Kva som ligg i dette veit vi ikkje. Viss det er slik at den nye regjeringa meiner at kvotefordelinga er urettferdig så tenker eg at det er på sin plass med litt folkeopplysning:

Den ressursfordelinga vi har i dag mellom kyst og hav blei til etter grundige forhandlingar i Norges Fiskarlag. Havfiskeflåten er i mindretall i Fiskarlaget og havfiskeflåten måtte akseptere lavare andelar enn det historiske fisket tilsa, for å komme i mål. Dette var vi villige til, fordi stabilitet i fordelinga var nødvendig for å kunne innføre kapasitetsreduserande tiltak og auke lønnsemda. Så har det skjedd mange justeringar i fordelinga dei seinare åra, men desse har gått i havfiskeflåten sin disfavør. Nye avsetningar som blir tatt «frå toppen» før fordeling, er døme på dette. Kvotefleksibilitet har redusert behovet for refordeling til havfiskeflåtens ugunst, og byttebalansen med andre land er redusert til havfiskeflåtens ugunst.

Om det er slik at regjeringa ønsker å omfordele kvotar frå hav til kyst så lurer eg på kva grunnlaget for det skal vere. Kva har skjedd dei siste åra som tilseier at dei fordelingsnøklane næringa vart einige om ikkje lenger passar? Eg ser ikkje kva det skal vere. Derimot ser eg mange grunnar til at ein ikkje skal omfordele kvotar. Strukturordningane kviler på ei forutsetning om stabilitet i fordelinga mellom gruppene. Endrast dette, forsvinn tilliten til kvotesystemet, og det allereie krevande grøne skiftet blir endå vanskelegare. For det er nettopp gjennom investeringar av ny teknologi vi klarer å omstille oss. Året i år har dessutan demonstrert kor avhengige vi er av å ha ei havgåande fiskeflåte med stor aksjonsradius og muligheit til å fiske heile året. Snakk om stabilitet om dykk ønskar næringa vel. Vi treng både havgåande båtar og kystbåtar. Vi treng både ferskt og vi treng fryst. Gje oss stabile rammevilkår, så skal vi fortsette å skape store verdiar for landet. Eg vart beroliga då eg høyrde at statssekretæren si tilnærming til rettferdig fordeling handlar om at alle må gis anledning til å fiske kvotane sine. La Norge fortsatt vere ein leiande hav- og fiskerinasjon.

Det «grøne skiftet» har mange sider. Utbygging av vindkraft til havs er lansert som eit satsingsområde og vi ser at fleire no posisjonerer seg for å vere med i den nye næringa. Norge rår over store havareal, men det aller meste av havet er svært djupt og utan interesse verken for fiskerinæringa eller havvind-aktørane.

Det er dei grunne havområda som er interessante, og eg meiner vi har all grunn til å frykte at ei storstilt utbygging vil komme i konflikt med våre interesser. 

Vindkraftproduksjon til havs har vore eit gjentakande tema på årsmøta våre dei siste åra, og bodskapen har vore det same: Vi må få ein samla plan for bruken av havet, som sikrar at fiskerinæringa fortrinnsrett til viktige gyte- oppvekst – og fiskeområde. Eg konstaterer at regjeringserklæringa varslar at sentrale norske gyteområde og fiskefelt skal sikrast mot øydeleggande påverknad frå anna næringsverksemd. Dette er bra, men det gjenstår å sjå om det vil bli fulgt opp i praksis. Det har ikkje mangla på fagre ord når det snakkast om sameksistens, men erfaringane så langt er lite tillitsvekkande. I prosessen med å plassere vindkraftanlegget Hywind Tampen blei det ikkje tatt hensyn til fiskeriorganisasjonane sitt moderate krav om å endre plasseringa. Heldigvis har det nytta å sloss mot Havsul utfor her, som no ser ut til å ha vorte stansa.

Eg konstaterer at den nye statsråden har fått ny tittel – fiskeri og havminister. Eg håper dette betyr at han skal få ei koordinerande rolle. Denne saka blir utruleg viktig å følgje opp vidare for Fiskebåt-familien.

Ei anna aktuell sak er miljøsertifiseringa av norske fiskeri. For nokre år sidan var status at om lag 90 % av all norsk villfisk var sertifisert etter MSC-standarden. Dette miljømerket er godt innarbeida i mange marknader og har fått stor betydning for sjømatsalet, enten vi likar det eller ikkje. Dette biletet er no ganske endra, viktige fiskeslag har mista godkjenninga.

Det er urovekkande, paradoksalt og nesten ei falitterklæring  at Norge som ein av foregangsnasjonane i fiskeriforvaltning kan havne i denne situasjonen. Tor Bjørklund Larsen kjem for å gi oss ei oppdatering av kva som skjer her, og det ser vi fram til å høyre. 

I haust har mediebildet vore prega av ei sak som vi helst skulle vore forutan. Eg tenker på historiene om trakassering av kvinner om bord på norske fiskefartøy og til dels lærlingane om bord. Desse historiene er opprørande. På vegne av alle oss som eig fiskebåtane vil eg be om unnskuldning til dei som føler seg trakasserte om bord.

Eg kjenner ikkje til kor stort omfang dette problemet har, sant å seie så var det nytt for meg, og eg kan ikkje tru anna enn at dei fleste kvinner slepp å oppleve dette. Heldigvis har vi fleire jenter med gode historier også.  Det er berre nokre månadar sidan den forrige regjeringa la fram sin likestillingsstrategi, og her kom det fram at kvinnelege fiskarar ikkje opplevde å bli forskjellsbehandla i den havgåande fiskeflåten. Men det som har kome fram må uansett takast på alvor. Eg er trygg på at alle vi som eig båtane reagerer med handling om nokon opplever dette og tek kontakt med rederikontora i framtida.

Eg vil oppfordre alle medlemmar om å bekjempe alle formar for trakassering om bord. Alle fiskarar, både gutar og jenter, skal ha eit trygt og godt arbeidsmiljø. Eg oppfordrar medlemmane om å forhalde seg til dei retningslinjene som Fiskebåt har sendt ut.

Det vart kanskje litt mykje fokus på utfordringane våre så langt, men året har vore spesielt og framtida er usikker. Vi skal samtidig ikkje gløyme at vi er i ei næring med eit fenomenalt potensial. Vi leverer sunn og god mat frå berekraftige bestandar. Ungdomen søker seg til næringa vår. La meg derfor understreke: Eg har tru på næringa vår og på fortsatt vekst i det lange bildet. Saman skal vi finne løysingar. Og for tida går det svært godt i næringa.

Kjære årsmøte. Som dykk kanskje veit så er min periode som styreleiar for Fiskebåt Vest kome til vegs ende, og i dag skal dykk velge ny leiar. 

Eg ser med glede på den reisa det har vore, etter at eg fekk vervet for åtte år sidan.

Eg vil avslutte med å takke. Takk til styret i Fiskebåt Vest, både sitjande og tidlegare medlemmar for gode diskusjonar rundt styrebordet. Så vil eg rette ei stor takk til administrasjonen for godt samarbeid. Takk også til medlemmane, det har vore ei ære å få representere ei så flott og dyktig gruppe rederi. Det er vi som må stå saman og styre skuta framover, og gjere Norge til verdas beste sjømatnasjon. Og det gjer vi kvar einaste dag i lag  med ein kjempe-innsats og ståpåvilje. 

Eg er stolt over å få jobbe saman og for dokke. Eg har stortrivast i vervet og tek med meg masse positiv erfaring. Det kjennest alltid godt å vere ein del av Fiskebåt familia. Saman er vi som organisasjon kjempesterke i FiskeriNorge.

Takk for meg. Og lykke til med møtet i dag og tida vidare for Fiskebåt Vest.