Så langt i år er det eksportert torskefisk for omlag 6,2 milliardar kroner. Dette er ein oppgang på 5,4 % samanlikna med 2019. Eksportert kvantum er derimot ned i overkant 6,6 % til ca. 139 000 tonn. Høgare eksportverdi er dermed eit resultat av at eksportverdi per kilo har stege med knappe 5 kroner til 44,78 sidan i fjor, ein oppgang på nesten 13 %. På papiret ser det meste dermed rimeleg lovande ut, men dukkar ein litt i materien ser ein at verdiauken i stor grad kan tilskrivast valutaeffektar. Det er uansett godt å ha med seg i ein krevjande koronasituasjon som gjev press og usikre utsikter for volum og pris.
 

Marknad

Marknadssituasjonen er breitt kjent. Korona har sparka beina under restaurantmarknaden, og det meste av matkonsumet er flytta innanfor husets fire veggar. Det har medført ei dreiing mot meir bearbeida produkt og produkt med betre haldbarheit. I mars og april var det tillaup til hamstring i daglegvaremarknaden, også for sjømat, noko som stimulerte etterspurnaden kunstig ei periode. Næringa har utfordringar med logistikk, tilgjengelegheit til marknadar, reduserte kredittrammer og oppgjer, nedstengte ferskvarediskar, stengde restaurantar, arbeidsløyse og redusert kjøpekraft, endra konsummønster og så vidare. Verda vart fullstendig omkalfatra på ei knapp veke når viruset braut ut, og gjennom tiltaka for å få bukt med virusspreiinga har marknadsbiletet endra seg markant. Dess kraftigare tiltak, dess lenger varigheit på tiltaka, dess større utfordringar for eksportutviklinga. I 2020 vil vere prega av at folk flest jamt over held seg mest mogleg i ro og heime. Myndigheiter har byrja å opne opp att så vidt rundt om, med risiko for nye smittebølger, men med vonleg betre marknadssituasjon. Kva vegen vidare bringer er uansett i beste fall uoversiktleg. Det einaste sikre er at koronasituasjonen vil vare ei stund, i varierande grad, og vil vere noko ein må forholda seg til det meste av 2020. 

 

Volum og pris

Koronasituasjonen har satt press på volum og pris i heile verdikjeden. Noko me også kunne vente når verda i stor grad meir eller mindre er nedstengt. Fyrst i sluttleddet, men etterkvart også i fyrstehandsomsetninga. Eit press me ventar vil vedvare så lenge myndigheitene rundt om fortsetter med strenge tiltak, og som gradvis vil betrast når myndigheitene lempar på tiltaka. Me har likevel sett ein prisoppgang for eksportverdi per kilo i eksportert torskefisk frå januar til april i år på eit par kroner, noko som under koronasituasjonen isolert sett må hevdast vere litt overraskande. Noko skuldast at meir av konsumet er dreia mot bearbeida og meir haldbare produkt, som jamt over er høgare prisa per kilo. Hovudårsaka er uansett at koronakrisa og fallande oljepris har satt markant press på NOK, som periodevis har vore 20 % svakare enn det me såg i tilsvarande periodar i fjor. 

 

 

Positiv valutaeffekt

Noko forenkla, vekta mot dei viktigaste torskemarknadane, viser det seg NOK svekkinga indikativt forklarer 87 % av auken i eksportverdi per kilo hittil i år. Sjå tabell. I mars og april indikerte modellen at 169 % og 105 % av auken i eksportverdi per kilo kunne tilskrivast NOK svekkinga frå tilsvarande periodar i fjor. Opp frå kring 30-35 % i januar og februar. Svak NOK stimulerer i stor grad eksportverdien for torskefisk i 2020. Ein positiv effekt av svakare NOK på eksportverdiane kan med også vente oss i heile 2020. Samanlikna med i fjor vil truleg NOK jamt over ligge 10-15 % svakare. Noko ein med stort sannsyn også vil få med seg dersom koronasituasjonen og marknadssituasjonen betrar seg framover. Det vil kunne gi ein fin boost for eksportverdiane utover i 2020 når myndigheitene vonleg opnar meir og meir opp samfunna rundt om slik at marknadssituasjonen potensielt betrast.

 

Eksportverdi framover

I ein rådande marknadssituasjon der både volum og pris viser ein svakare tendens så er det i alle fall positivt at svakare NOK hjelper eksportbiletet i 2020. Skal ein derimot auke verdien av eksporten i 2021 og framover må ein setje sin lit til at koronasituasjonen er under kontroll og marknaden betra. For då vil NOK effekten me har sett siste åra, og særleg i 2020, truleg ha nådd taket. Ein verdiauke for eksporten frå 2021 og framover må difor fortrinnsvis skje gjennom auke i volum eller pris.