Ifølge reiar Knut Roald Holmøy har prøveturane så langt gått som forventa.

- Vi har fått testa instrument, vinsjar og framdriftssystem, og så langt ser alt ut til å gå veldig bra. No skal vi ut på eit lite prøvefiske, og viss det ikkje oppstår uventa utfordringar på den turen reknar eg med at Sunderøy snart er i fiske, seier Holmøy.

 

Mannskapet står klare

Etter at alle servicefolk er ferdige og sett på land, går kursen mot Sortland, der trålaren høyrer heime. Der vil den få siste utrustning før nytt mannskap mønstrar på for den første ordinære turen.

- Mannskapet står klar og gler seg veldig til å kome i gang med fisket, og få tent seg litt pengar igjen, seier Holmøy.

 

Koronautfordringar

Prøveturane har tatt litt lengre tid enn normalt fordi dei køyrer med halvparten av mannskapet om bord på for å redusere faren for smittepress. Prøvekøyringa blei også litt forseinka etter at ein av mannskapet fekk påvist Covid 19, då båten var på veg heim frå verftet i Spania. Det førte til storstilt testing, desinfisering av båten og mannskap i karantene.

 

Stor trålar

Sunderøy som er bygd ved det spanske verftet Gondan i Ribadeo, er 77 meter lang og har plass til eit mannskap på 29 personar. Produksjonen om bord vil i hovudsak vere H/G, men i tillegg er der mjølfabrikk som gjer at ein også får nytta biprodukta fullt ut.

Fartøyet har det siste innan nye teknologi og er blant anna utstyrt med RSW-kjølar som pumpar iskaldt sjøvant inn i blødetankane om bord. Den har hybrid framdriftssystem og elektriske vinsjar for å redusere utslepp av klimagassar og HSG- systemet (Hybrid Shaft Generator) som vil gi eit stabilt straumnett om bord. Dette er også med på å redusere turtalet på våre motorane.

 

 

Fakta om Sunderøy:

  • NVC 372 design fra Rolls-Royce/Kongsberg Maritime
  • NVC Design nr. 4 for Prestfjord AS
  • 77,2 x 17 meter
  • Isklasse 1A
  • 1500 kubikkmeter fryserom – paller
  • Restråstoffbehandling
  • Mel og olje
  • HSG batteri-hybrid fremdrift
  • PM (permanent magnet) trålvinsjer
  • Energimanagement-system