Grunngivinga for årlege tildelingar er å gi havvindnæringa og leverandørindustrien ein langsiktig heimemarknad, samtidig som omsynet til sameksistens og miljøinteresser blir ivaretatt.

 

Først kunnskap

Fiskebåt på si side er kritisk til dette, og skriv i eit brev til politikarane i Energi- og miljøkomiteen på Stortinget, at det ikkje vil vere mogleg å ta omsyn til miljøinteressene med ei slik førehandsbestemt årleg tildeling, utan at det først er på plass tilstrekkeleg kunnskap om konsekvensane frå ei slik utbygging.

Fiskebåt meiner at ein heller må satse på storstilt kunnskapsinnhenting og forsking for å fylle dei kunnskapshola som er på området.

 

Bør ikkje binde Stortinget

- Når kunnskapen er på plass, og vi eventuelt har funne løysingar som sikrar og tar vare på havet, økosystema og bestandane på ein god måte, kan ein vurdere årlege tildelingar for havvind. Innfører ein årlege tildelingar no, vil det binde Stortinget til ei framtidig storstilt utbygging av havvind, sjølv om det i løpet av dei komande åra kan kome kunnskap som tilseier at ei omfattande utbygging, vil vere øydeleggande for havmiljøet, økosystema og fiskeria i Norge, skriv Fiskebåt i brevet.

Fiskebåt rår difor Energi- og miljøkomiteen til å ikkje gå inn for ei slik ordning no.

 

Her kan du lese heile brevet frå Fiskebåt.