Så langt er det opp mot 100 påmeldte til arrangementet ved Atlanterhavsparken. Bak arrangementet står NCE Blue Legasea, Marint Kompetansesenter og Atlanterhavsparken. Fiskebåt Vest er med som ein av sponsorane.

- Dette skal vere ein møteplass for fiskarar på alle slags fartøy. I vårt arbeid er det viktig å få innspel frå fiskarane som har sin kvardag på havet. NCE Blue Legasea vil difor sette opp ein eigen «gytekrok for idear» under arrangementet, seier seier Janita Arhaug, prosjektleiar ved NCE Blue Legasea.

Når det gjeld programmet elles er Arhaug tilbakahalden med å gi informasjon, men lovar at det skal bli både god mat og underhaldning i tillegg til god fagleg prat.

 

Her finn du lenke for påmelding.